Stor bildeserie

Magisk avslutning på Malakoff

Laurdag var det klart for tredje og siste dag av Malakoff 2019.
Bildegalleri

Laurdag opna Finn-Erix Malakoff-scena og både barn, ungdom og vaksne strøymde til konserten og verdas største stadion basar. Dei hadde også med seg Olav Stedje som kunne fortelje publikum at "det alltid er kjekt å vere på Eid", og Vilde og Anna på scena som laga show. 

Deretter stod artistane og banda på rad og rekke. Sol Heilo imponerte på Amfi-scena, og kunne røpe til publikum at ho har røter frå "dette området". Ruben var eit av høgdepunkta for mange under Malakoff 2019, og med god grunn. Det såg ut som både han og publikum kosa seg, trass i at det framleis var tidleg på dag. Det britiske rock-pop bandet, The Vaccines, var også blant banda som imponerte stort på Amfi-scena med feel good musikk.

Det var også stappfullt då eitt av dei største rockebanda i verda, Weezer, spelte hits som Island in The Sun, Say it Ain't So, Buddy Holy og Africa, på Malakoff. Dette er eit band som verkeleg kan rock. Weezer fortalde frå scena at dei var glade for å avslutte turneen på denne vakre staden.

Highasakite var bandet som fekk avslutte det heile laurdag kveld. Det gjorde dei på magisk vis, med både scenekunst og hits på hits.