Avspark for barnefotballen

Eit sikkert vårteikn

Måndag arrangerte fotballgruppa i Eid IL «kick-off» for barnefotballen på Eid Idrettspark. Det er tredje året på rad at Eid IL Fotball arrangerer denne samlinga.
Bildegalleri

Få ting er vakrare enn å sjå born leike seg med fotball og anna idrett. Den siste langrennskonkurransen er gått, det siste rennet for alle dei flinke skiskyttarungdomane er historie og alpinistane har starta for siste gong denne vinteren. Skisesongen er med over, og sommaridrettane tek over. Måndag fylte barn i alderen seks til 12 år Eid Idrettspark, og fekk sine første tips om korleis leiken med ball skal vere. Her finn du nokre bilete frå samlinga.