Bildeserie og video

Strålande vårkonsert

Hjelle Skulemusikk stod som teknisk arrangør av årets Vårkonsert i Operahuset søndag kveld. Både arrangørkorpset og gjestande korps overraska.
Bildegalleri

Den årlege, eller kanskje vi heller skulle seie den vårlege, korpskonserten i Operahuset Nordfjord samla i år som tidlegare år alle korpsa i kommunen. Det vil seie to vaksenkorps, Eid Musikklag og Kjølsdalen Musiklag. Det eine eit janitsjarkorps. Det andre eitt brazzkorps. I tillegg deltok alle skulekorpsa.