Biletserie

Flott konsert til inntekt til TV-aksjonen 2018

Tradisjonen tru arrangerte også i år Opera Nordfjord konsert i Eid Kyrkje der publikum sine gåver gjekk til TV-aksjonen; «Mindre alene saman».
Bildegalleri

Bakteppet for konserten til Opera Nordfjord i Eid kyrkje, som165 publikummarar hadde funne vegen til, var TV-aksjonen der inntektene går til prosjektet «Mindre alene saman», som handlar om utanforskap . Målet Kirkens Bymisjon har med  «Mindre alene saman», er å opne dører og skape eit varmare samfunn for alle.


Fekk inn 11.000 kroner

–Sjølv konserten, som vi arrangerer kvart år, er gratis. I staden for inngangsbillett fekk dei som tok truen til Eid Kyrkje og Opera Nordfjord sin konsert, høve til å gje ei pengegåve som går til den årlege TV-aksjonen. I år fekk vi inn i overkant av 11.000 kroner, og det er vi veldig takksame for, sa operasjef Kari Standal Pavelich til Fjordabladet dagen etter konserten.

Fantastisk flott

På denne type årleg konsert stiller solistar og musikarar frå Opera Nordfjord sine oppsettingar opp gratis. I tillegg er det også med nokre unge talent frå kulturskulen i Eid. Konserten starta med at unge Sigve Træen Årskog spelte «Hedwig’s Theme» frå Harry Potter. Deretter følgde fiolinkvartetten,  beståande av Madelene Berg, Mirjam Bergset, Oddhild Nyberg og  Agnes Pavelich, opp med «Sang av Dvorak» og «Overtüre frå Flaggermusen». Publikum fekk også eit varm møte med Corinne Camillo og Evgeniya Leonova som framførte Sonate nr. 2  for to  fagotter av Boismortier.

Møttest på Coco

Lars Eggen og Erlend Os, som studerte saman i Trondheim for ti år sidan, og som møttest tilfeldig på Coco her om dagen hadde to stykke saman; Folketonen «Å, kor her er mangt» og «Anthem frå Chess» av ABBA.

Perler på ei snor

Musikalske perler følgde som perler på den berømte  snora. Eirik Roland Egeberg-Jensen fekk nesten taket til å lette då han, akkompagnert av Olga Pavlova, song «Ol’ Man River». Konserten vart avslutta med at Eivind Kandal, og alle strykarane som hadde vore i aksjon på konserten, song og spelte Nordfjordsongen.

Fjordabladet ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Bildegalleri