Stor biletserie

Strålande jubileumsopera

Onsdag gjekk teppet opp for den 20. operaen oppført av Opera Nordfjord.
Bildegalleri

Første gong Giacomo Puccini sin opera La Bohem vart framført, for 122 år sidan, fekk den ei heller dårleg mottaking frå publikum. Ifølgje dei som har betre greie på opera enn det vi har, er La Bohem i dag rekna for å vere ein av dei kjæraste og mest spelte operaene i operalitteraturen. Det er andre gong Opera Nordfjord set opp denne operaen. Første gong var i år 2000, lenge før Eid fekk sitt operahus. I 2000 var det aulaen på Fjordane Folkehøgskule som var scene.