Tilbakeblikk

20 år med Opera Nordfjord

Tjue år med Opera Nordfjord set spor etter seg i ei lita bygd som Eid. Her gjev vi deg nokre små tilbakeblikk på det som har vore presentert.
Bildegalleri

Ein stor augneblink for Opera Nordfjord, som det faktisk er mange av, måtte vere då Dronning Sonja kom til Nordfjordeid for å få med seg oppsettinga av operaen Carmen. Dronninga helste på stort og smått i Operahuset Nordfjord, samstundes som Dronninga uttrykte beundring over det ein hadde fått til på Nordfjordeid.


 

Ein annan stor augneblink var då Opera Nordfjord fekk sin eigen store scene i Operahuset Nordfjord, det andre operahuset i landet. Frå den store scena i Operahuset har så Kari og Michael styrt sine troppar til stor hugleik både for folk i bygda, og alle dei som har kome til Eid og Nordfjord for å få del i operaeventyret.