Det seier Leon Knapskog, mannen bak Eid Gatematfestival, Minibakeriet og restauranten Aske i Eidsgata.

–Gatematfestivalen var litt betre organisert i år. I fjor, som var første året, vart vi nok tekne litt på senga over at det kom så mykje folk som det gjorde. Med bakgrunn i dei erfaringane vi gjorde i fjor, så jobba vi ein god del meir med organiseringa av årets Gatematfestival, seier Leon Knapskog som er spesielt glad for den store breidda i tilbod folk kunne oppleve, at det var langt fleire stand i år og sjølvsagt at så mykje folk hadde møtt opp i det flotte sommarveret som Eid og Nordfjord kunne by på.

Ønskjer du å lese meir om Eid Gatematfestival så finn du det i Fjordabladet si tysdagsutgåve.