Kyrkjeverje Kristen Hundeide strekte seg langt for at dei frammøtte under kulturminnesamlinga i Eid kyrkje skulle få stilt si nysgjerrigheit, mellom anna om kjellaren.

Under teppet i midtgangen skjuler det seg nemleg ei luke som viser veg ned i eit mørkt hol. Det måtte både nøkkel, kniv og saks til for å få opna luka i golvet som gjev inngang til eit kjellarrom under sjølve kyrkja. Hundeide forklarte at dette rommet har ein viktig funksjon, ikkje minst med tanke på ventilasjon.

Ordførar Alfred Bjørlo tok ansvar og lyste litt rundt om i det mørke, litt skumle rommet.

– Nokre tomme flasker og ein pakke Teddy, kunne han melde, til god latter frå dei frammøtte.

I tidlegare tider var det ikkje uvanleg å gøyme små barnekister med foster eller nyfødde i tilknyting til kyrkja, og det skal tidlegare ha blitt funne også her. Det vart opplyst at funna vart sendt til Bergen.

I boka Eid kyrkje, 150 år, kan ein lese at det var ekstra fint å bli gravlagt under kyrkjegolvet, spesielt under korgolvet. I 1805 vart det forbode å gravleggje lik under kyrkjegolvet.

Dagens Eid kyrkje vart bygt opp att i 1849.

FEM MILL: Kristen Hundeide fortalde at restaurering av kortaket kosta fem mill. kr. Foto: Anna Wuttudal
ENDRA: Det var opphavleg 900 sitjeplassar i Eid kyrkje. No er det 550. Innvendig er det mykje som er endra. Mellom anna benkane. Det var mykje spetakkel om kyrkjebenkar og motstand mot orgel. Foto: Anna Wuttudal
DISIPPEL: Ein utskoren Lars Kinsarvik, som døyparen Johannes, er ein av figurane som prydar preikestolen i Eid kyrkje. Foto: Anna Wuttudal
HOVUDVERK: Det er mange turistar og andre som synest det er spennande å kome inn i ei så rikt dekorert trekyrkje. Utsmykkinga av Eid kyrkje vert rekna som Lars T. Kinsarvik sitt hovudverk. Foto: Anna Wuttudal
FEKK REINSA: Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Vandalismen med øydelagde orgelpiper og bruk av brannsløkkingsapparat, førte til at ein fekk reinsa all dekoren i kyrkja. Til høgre ser vi framleis spor etter innbrotet, ved eit vindauge som må skiftast ut. Nye gardiner vart det også. Foto: Anna Wuttudal
KYRKJEKJELLAR: Alle hjelpemiddel vart tekne i bruk, nøkkel, kniv og saks, for å få sjå ned i den mørke kjellaren under kyrkjegolvet. Foto: Anna Wuttudal
LUKE: Under teppet i midtgangen er det ei luke. Foto: Anna Wuttudal
TOK ANSVAR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo tok ansvar for å utforske kjellarrommet. Foto: Anna Wuttudal