Kulturminnedagane blir markert landet rundt heile veka. Temaet i år er Kulturminner i samfunnets teneste, og for Eid trekk ein fram Eid kyrkje.

– Vi kjem til å ha ei orientering og omvising i Eid kyrkj. Den har ei svært interessant historie, fortel Trygve Espe i Eid sogelag, kyrkjeverje Kristen Hundeide og Gerd Fløde Bjørlo i Eid kommune. Dei håper mange møter opp når ein inviterer til ope møte på Eid kyrkjetun onsdag 13. september.

Nasjonal verdi

– Kyrkjestadane Eid og Stårheim er også eitt av dei utvalde kulturminna i Eid kommune sin kulturarvplan, fortel Fløde Bjørlo. Dette er dei to eldste kyrkjestadane i Eid, med røter tilbake til tidleg mellomalder. Kyrkjene som står på desse stadane i dag, vart bygde i siste del av 1800-talet.

– Eid kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene. Den er av nasjonal verdi, og er også ein sentral part i samband med utbygginga på Nordfjordeid, påpeikar dei.

– Vi har mange spennande kulturminne i området vårt, meiner Fløde Bjørlo.

– Sogelaget bør vere sentral i alt som har med kulturminne å gjere. I fjor markerte vi kulturminnedag i Holmøyane, og neste år er det naturleg å gå vidare så ein kjem utover alle bygdene, seier Espe.

Verna kyrkjegard

Delar av kyrkjegarden ved Eid kyrkje er automatisk freda då den har lege på same stad sidan tidleg mellomalder.

Sjøen og den gamle fjæra låg rett nedanfor kyrkjegardsmuren, det gjer at det er mykje salt i grunnen på gravplassen.

– Estetisk er den gamle gravplassen eit problem. Men vi skal ta vare på det gamle, så må vi få organisere det og stelt det som er verna. Spesielt tilreisande reagerer på korleis her ser ut, at det er så mange gravsteinar utan namn. Det er nokre få graver som er heldt i hevd og stelt, og vil bli brukt. No jobbar vi for å få tilstrekkeleg midlar til ei urnelund, fortel Hundeide.

Interessant historie

– Første kyrkja låg på Myklebust, nær kongsgard. Den gjekk opp i røyk på 1200-talet. Ca 1530 vart kyrkja flytta ned hit Eid kyrkje står i dag, fortel Hundeide.

– Alle storgardar hadde kyrkje på tunet sitt. Kyrkjene på Eid har ei interessant historie, og dette vil du få høyre meir om på onsdag, lovar dei.

Torsdag inviterer Sagastad til vising av Myklebustskipet som er under bygging – i samband med kulturminnedagane på Eid.

Eid kyrkje er kjend for sine rike dekorasjonar av Lars Kinsarvik. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Svært gammal gravstein forma som eit kors ved Eid kyrkje. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes