– Aldri før har eg bestilt inn so mykje. Kjem det regn no altså, så! Men det kunne ikkje passa betre med vêret. Det kjem til å bli veldig spennande å sjå. Eg reknar med at frå klokka 12.00 så vil folk komme for å kjøpe is, seier eigar av Narvesen i Eidsgata Gunn Taklo.

Ho har fått fleire til å jobbe desse travle dagane under Malakoff.

– Det er ikkje så lett å få ungdommen til å jobbe desse dagane, dei vil gjerne ut å kose seg på festival. Men det skal gå bra også i år, seier ho.

Fulle frysarar

Gunn har fylt opp frysaren på jobb, heime, og hos mor si med is som skal omsettast under Malakoff. Ho reknar med rekordsal av softis under årets Malakoff. 17,

På ein god dag kan ho ha opp mot 450 kundar innom butikken. Og under hingsteutstillinga laurdagen selde ho over 1500 softis.