Selde omkring 1500 isar under hingsteutstillinga laurdag

– Softis er det vi lever av. Omsettinga i januar og februar var veldig bra. Då hadde vi ein vekst på 20 prosent. Laurdag under hingsteutstillinga selde vi meir softis enn heile 17. mai i fjor. Eg trur det har hatt litt å seie at Coop Mega forsvann frå Eidsgata, seier ei svært nøgd Gunn Taklo Sørgulen.

Avhengig av vêret

Er vêret godt, og sola skin, aukar salet av is. På ein god dag har ho mellom 250 og 450 kundar innom butikken. Det er ingen tvil om at Narvesen i Eidsgata er eit viktig samlingspunkt. Under hingsteutstillinga var det usedvanleg lange iskøar.

–Det var så lange køar at eg nesten vurderte å seie opp, seier ho i ein svært spøkefull tone.

For ho likar helst at det er hektisk framfor softismaskina. Einaste tida på året ho ikkje sel softis er i november og desember.

– Kuleis sel vi heile året, men akkurat rundt juletider held vi softismaskina stengd.

Vil bli i Eidsgata

– Eg har ikkje lyst til å bale med noko flytting, eg er kanskje blitt litt for gammal og sær. Her har vi eit bra lokale, og ope på søndagane. Eg er litt skeptisk til å flytte ned til Amfi til dømes, vi er avhengige av å ligge i ein ende av senteret, for å ha søndagsope. Eg synest det må skje noko i Eidsgata om sommaren, så vi blir her, seier ho.

For på eit år har 42 Narvesen butikkar forsvunne i Norge. Også i Måløy er Narvesen vekk.

– Dei fleste ønsker å vere på store kjøpesenter, men vi har ingen flytteplanar. Det er kjekt med Amfi Nordfjord, dei trekker mange kundar til Eid, og dei skapar liv i bygda, det er flott, legg ho til.

Etter ein flott og varm periode i starten av mai har Narvesen i Eidsgata hatt riktig god start på våren og året. No ser dei fram mot ein varm og fin sommar.

– Det blir veldig spennande å sjå korleis det går i sommar. Eg håpar det kjem fleire butikkar i Eidsgata. Og et håpar at vi ikkje blir liggande i ein utkant, seier ho.

ALLTID SOFTIS: Softis maskina på Narvesen er flittig i bruk. Under hingsteutstillinga vart det seld ca 450 softisar, ca 200 kuleisar, ca 200 slush og i tillegg har dei hatt halv pris på småisar. –Du kan seie eg selde nærare 1500 isar denne laurdagen, seier ho. Foto: Anita Ingebrigtsen
ALLTID BLID: Gunn Taklo tek godt imot alle kundane som kjem innom Narvesen i Eidsgata. For utover å selge softis er også tipping eit viktig tilskot i verksemda. Foto: Anita Ingebrigtsen