Naboar følgde behandlinga av seawalksaka i Teknisk- og samfunnsutvalet sitt møte i dag.

Skuffelsen var stor då vedtaket om å gje rammeløyve var fatta.

– Siste ord er ikkje sagt. Denne saka er ikkje ferdig. Vi kjem til å kjøre saka så langt vi kan. Dei har ikkje imøtekome oss på noko punkt. No skal vi heim for å førebu ein klage, seier nabo Rita Karin Nyland, som følgde saka saman med fleire andre av naboane i Hola.

Gav rammeløyve for seawalk

Fleirtalet i Teknisk- og samfunnsutvalet følgde opp  rådmannen si tilråding om å gi naudsynte dispensasjonar og rammeløyve til oppføring og installasjon av Seawalk med tilhøyrande forankring slik som omsøkt.

Vedtaket i Teknisk- og samfunnsutvalet, der dei tre første punkta vart gjort mot Vigdis Heimdal Reksnes (SV) si røyst, har følgjande ordlyd:

*Med heimel i plan- og bygningslova § 19- andre ledd vert det gjeve dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til å plassere vestlege forankringsarrangement slik som omsøkt.

*Med heimel i plan- og bygningslova § 19-a andre ledd vert det gjeve dispensasjon frå reguleringsplan til å plassere austlege forankringsarrangement slik som omsøkt.

*Med heimel i plan- og bygningslova § 21-4, jf. § 20-1 bokstav a, vert det gjeve rammeløyve til oppføring og installasjon av Seawalk med tilhøyrande forankring slik som omsøkt.

*Teknisk- og samfunnsutvalet presiserer at det som her blir gitt er eit rammeløyve. Utvalet føreset at før det blir gitt igangsettingsløyve skal det gjerast uavhengig tredjepartskontroll av geoteknikk og konstruksjonsikkerheit, jmf byggteknisk forskrift.

*Utvalet ber om at det blir lagt fram ei politisk sak om kva tidlegare vedtekne trafikksikringstiltak i Kaivegen som ikkje er gjennomført, herunder gatelys, med sikte på rask gjennomføring av tidlegare vedtekne tiltak.

Dei tre første punkta i vedtaket er likelydande med rådmannen si tilråding, medan dei to siste kom som eit tillegg gjennom eit fellesframlegg lagt fram av Ove Kjøllesdal (H) på vegner av Høgre, Venstre, KrF og Frp.

Ingen reell betydning

Naboane var ikkje særleg imponerte over politikarane, som dei meinte ikkje hadde tilført saka noko. Dei to ekstra punkta som vart plussa på i vedtaket vert ikkje oppfatta som ei imøtekoming.

Rita Karin Nyland peikar på at det eine punktet om tredjepartskontroll har ingen reell betydning, sidan det automatisk ligg inne som eit krav i forskrift, og det andre punktet gjeld å følgje opp lovnader som allereie er vedtekne frå før, noko som burde vere sjølvsagt.

 – Gammaldags fossilturisme

Under handsaminga i utvalet var det berre Vigdis Heimdal Reksnes (SV) som kom med motførestillingar.

– Eg er ganske skeptisk. Eg ser ikkje at fordelane er større enn bakdelane og kjenner på ei usikkerheit når det gjeld miljø, sa Heimdal Reksnes og viste mellom anna til at det er eit tynnt grunnlag undersøkingane byggjer på og at der er høge miljøgiftverdiar i botnsediment.

Heimdal Reksnes var også veldig skeptisk til at ein no legg til rette for gammaldags fossilturisme i staden for å stille krav om landstraum. Ho tok til orde for å krevje landstraum før ein gjev eit rammeløyve.

SV-politikaren stilte også spørsmål om kommunen har mogelegheit for å bestemme at skipa skal gå inn med baugen først, som vil vere det mest skånsame. Til dette fekk ho til svar at det går etter eit anna lovverk.

Synfaring først

I forkant av handsaminga i Teknisk- og samfunnsutvalet, var utvalsmedlemmane på synfaring både hjå naboar og på kaia. Nabo Ernst Husevåg forklarte mellom anna om dårlege grunnforhold og problema med setningar og andre problem dei fryktar følgjer med etablering av seawalk med skip nær land og stor busstrafikk.  Han var også kritisk til at avtalar ikkje er blitt følgde opp, og at det er dårleg tilrettelagt med smalt fortau der turistane skal vandre forbi Hola.

Lite truleg

John Olav Lefdal, styreleiar i Cruise Ventures AS Ole Heggheim og Ivar Bjarte Nord frå Nordplan argumenterte med at seawalk med cruisetrafikk og med følgjande busstrafikk etter all sannsynlegheit ikkje vil påføre bygningar ytterlegare setningsfare.

– Eg kjenner på ei usikkerheit når det gjeld miljø, seier SV-politikar Vigdis Heimdal Reksnes. Ho hadde mange spørsmål under synfaringa i forkant av den politiske behandlinga av seawalk i Teknisk- og samfunnsutvalet i dag. (Foto: Anna Wuttudal)
Nabo Ernst Husevåg forklarte mellom anna om dårlege grunnforhold og problema med setningar og andre konsekvensar dei fryktar følgjer med etablering av seawalk
Rita Karin Nyland (i midten) og andre naboar har allereie bestemt seg for å klage på vedtaket. Sp-politikar og medlem i Teknisk- og samfunnsutvalet Nikolai Åshamar til høgre.
Teknisk- og samfunnsutvalet i Eid følgde rådmannen si tilråding og gav rammeløyve til etablering av Seawalk ved Godsterminalkaia på Nordfjordeid. Vedtaket vart gjort mot Vigdis Heimdal Reksnes (SV) si røyst.
Ivar Bjarte Nord frå Nordplan, John Olav Lefdal frå Lefdal Invest, partnar Asbjørn Nes i Cruise Ventures AS og styreformann Ole Heggheim frå Cruise Ventures AS var til stades under synfaringa i samband med sak om etablering av seawalk ved Godsterminalkaia.
Ove Kjøllesdal (H) karakteriserte etablering av seawalk som ei stor og spennande sak som har engasjert mange.