Mellom anna er grenseverdien for miljøgifta benzo(a)pyren overskride med rundt 500 gonger i ei prøve av botnsediment som tidlegare er teke i Eidsfjorden. Risiko for folkehelse er i hovudsak knytt til konsum av fisk og skaldyr.

Benzo(a)pyren vert rekna for å vere eit av dei mest helseskadelege PAH-forbindelsane. Stoffet er klassifisert som kreftframkallande, arvestoffskadeleg og reproduksjonsskadelig.

Bør avklarast

I ein rapport frå Rådgivende Biologer AS vert det tilrådd at usikkerheita med omsyn til eksisterande ureining si mulege verknad på folk si helse ved inntak av fisk og skaldyr frå området bør avklarast uavhengig av seawalkprosjektet.

Dagleg leiar Geir Helge Johnsen seier til Fjordabladet at det dei har gjort er ein førebels gjennomgang på litt tynt grunnlag som byggjer på ein gammal rapport. Dei har fått utslag i modellane for at der er giftstoff i fjorden som kan medføre risiko ved å ete fisk og skaldyr, men Johnsen vil ikkje dramatisere utifrå dei data som ligg føre.

– Datagrunnlaget er såpass vagt at ein ikkje har nok informasjon til å kunne gje kosthaldsråd.

– Vi kan ikkje seie om fisk og skaldyr i fjorden er spiseleg eller ikkje. Dette er inga katastrofe utifrå det vi veit i dag, men det bør ringe ei bjølle, og nokon bør kanskje ta ansvar for å få undersøkt  dette nærare.

– Så dette er ikkje alarmerande?

– Nei, slik elendigheit er vanleg nær hamner og skipsverft.

–  Ville du sjølv ha ete fisk frå fjorden?

– Det er litt spørsmål om kor ofte, om ein er gravid og liknande. Eg ville ikkje vore så bekymra utifrå dette, men det burde nok vore undersøkt litt nærare.

Johnsen seier til Fjordabladet at det er veldig vanleg med TBT i sediment i nærleiken av småbåthamner og at dette har blitt spreidd rundt om i fjordane. Dette er stoff som ikkje lenger er lovleg å bruke.

TBT er ganske giftig, men det er PAH-stoffa Johnsen fryktar mest.

Geir Helge Johnsen er dr. philos. frå Universitetet i Bergen, med  ferskvannsøkologi som spesialfelt.