Fylkesmannen peikar i si fråsegn om seawalk på at propellane frå store cruiseskip kan virvle opp botnsediment og at det i småbåthamna er påvist ureina sediment.

Fylkesmannen er også oppteken av at Eidselva er eit nasjonalt laksevassdrag, at Eidsfjorden er ein nasjonal laksefjord og at det også utifrå desse omsyna er viktig at eventuelle konfliktar knytt til fisk ved bruk av seawalk vert utgreidde.