Det var med stor glede at eg 18. Oktober kunne lese kronikken av Rita Karin Nyland i Fjordabladet. Gjennom året har eg følgt dei siste ledda i tettstadsutviklinga  på Nordfjordeid, og det har overraska meg kor få kritiske røyster som har uttalt seg. Atle Vedvik peiker derimot på viktige poeng i sin kritikk av Cruiseskipnæringa. Er alle andre enn Naturvernforbundet og Eid Kyrkjelege Fellesråd blenda av den nye stranda som avledningsmanøver og plaster på såret for ei elendig arkitektonisk utvikling? Eid inviterer iallfall ikkje meg med dette! Derfor er det inspirerande å lese at Rita, ho har skjønt kva verdiar som ligg i Nordfjordeid, og at ei kortsiktig maksimalisering av desse kan ende opp med å vere direkte skadeleg.

Cruiseturisme-debatten kjem eg ikkje til å gå mykje inn på, men eg kan verken fatte eller begripe at ei vakker norsk fjordbygd som enno ikkje er ramma av dette, med vitande vilje ynskjer å kaste seg ut i det med opne armar. Inntektene går til Cruiseselskapa og ikkje til lokalsamfunnet, om nokon skulle tru det. 10 av totalt 12 milliardar går årlig til rederia. Og om de er i tvil om dei miljømessige konsekvensane, sjå til Flåm og Geiranger. Det einaste desse bygdene har til felles med Barcelona, er luftkvaliteten med ein konsentrasjon av nitrogendioksid på opptil 180 mikrogram pr. kubikkmeter.

Vi skal naturligvis ynskje velkommen initiativ til å investere i lokalsamfunnet, men vi trenger ikkje godta alle idear ukritisk. Eg vil gjerne bruke anledninga til å kommentere utbygginga av sjøfronten med Amfi Nordfjord. Eg tvilar ikkje på at utbyggjarane i tillegg til si økonomiske vinning har hatt gode visjonar, det som overraskar meg er at fagpersonar i kommunen har valt å la eit prosjekt med så lave visuelle, byromssirkulasjon- og programmessige kvalitetar sleppe gjennom.  For dei som har følgt planprosessen har nemleg utbyggar effektivt overkjørt dei fleste kritiske innspel mot kjøpesenteret. I punkt 7.5 i detaljreguleringsplanen for Moengården Vest av 02. Juli 2015 står det at ”Bygg, anlegg og uteområde skal tilfredsstille rimelege estetiske omsyn både i seg sjølv og i forhold til omgjevnadane” Er dette virkeleg det høgste de klarer å sikte? Det er ingen som kjem til Eid Sentrum for å oppleve rimelige estetiske kvalitetar. Her burde det ha vore krevd meir!

Folk kjem til Nordfjordeid av ulike årsaker. Nokon har det som reisemål, andre er på gjennomfart og vel å leggje inn eit stopp. Så er det naturleg å spørje seg, kva er det som er vakkert ved Nordfjordeid, som gjer at folk vel å bruke tid der? Nordfjord er heilt klart ein tettstad, og ikkje ein by. Likevel overraskar det meg at dei planansvarlige vel å ikkje vidareføre dei gode urbane kvalitetane som allereie eksisterer i det gamle handelssentrumet.

I Eidsgata har vi ei vakker brusteinsbelagt handlegate med særprega og ulike bygningar, der ein kan gå mellom kvitmåla stakittgjerder og vakre butikk- og cafèfasader og kjenne lukta frå både hortensia og nybaka skillingsbollar. Ein plass som forandrar seg med årstidene, frå krokus i hagane om våren, til sol og yrande uteliv om sommaren. Eit vell av fargetonar gjennom hausten, og stamping gjennom kvit snø for å komme seg fram om vinteren. Ein plass som alltid er open, offentleg og tilgjengelig. Og dette er meir enn nostalgi, dette er autentiske arkitektoniske og sosiale uterom med høge kvalitetar som folk gjerne tek ein omveg for å ta del i.

Eg ristar derfor på hovudet av ironiske utsegn frå Sagaparken Panorama som at ”Eid igjen vender ansiktet mot fjorden”. Vel, kanskje for eigarane av dei 19 leilegheitene som no står som ein vegg mot fjorden. Det gjeld i alle fall ikkje dei som befinner seg i det innelukka kjøpesenteret eller i Eid sentrum for øvrig. Her er det ikkje mykje panorama lenger. Reint konkret har nye 160 meter av strandpromenaden der ein hadde utsikt både mot det historiske sentrum, og fjorden, blitt flytta. Og eg synest på ingen måte at den nye ”promenaden” på knappe seks meter, pressa inn mellom baksida på eit 580 kvm privat parkeringshus og fjorden, er noko god erstatning.

Faktum er at det historiske sentrum vi kjenner på Eid, stadig hamnar lengre vekk frå strandlinja. Vidare er det overhodet ingen volum-, mønster- eller overflatemessig samanheng mellom det eksisterande sentrum og dei nye handelsborgene som reiser seg framfor den forflytta strandlinja. For denne utviklinga er lagt opp til ein ting: at flest mulig skal kunne bevege seg tørt frå bilen og inn i ein lukka boks, der dei utfører handel, og reiser igjen. Overskotet går til rike amfi-eigarar som årlig tappar regionale lokalsamfunn for milliardar av kroner som burde vore investeringskapital for å utvikle lokalsamfunnet vidare. Og verktøya dei brukar for å oppnå det, er hensynslaus tettstadsutvikling. Overprisa, standardiserte og identitetslause lokalar der integrerte ”tenester” sørgjer for effektiv kapitalflukt ut av tettstaden, og rett i lomma til eigarar som aldri har vore, og aldri kjem til å reise til Eid. Ein skulle tru at ein slik måte å tenkje bygdeutvikling på var meir enn utdatert, men ikkje på Nordfjordeid. For dei har nemleg fått ei sandstrand som plaster på såret, og treng ikkje lengre reise til Barcelona. Dette er akkurat den type tettstadsutvikling dei fleste arkitektar og urbanistar rundt omkring i landet prøver å unngå for ein kvar pris. Diverre må dei ofte, som her, gi opp til fordel for likegyldige utbyggjarar som har fått kommuna på lag.

Ein stor kritikk til prosjektet er at det i heile prosessen har vore vanskeleg å finne ut korleis dette bygget skal sjå ut til slutt. Det er vanskeleg å kome med konkrete tilbakemeldingar når verken salsprospekt eller offentleg tilgjengelege byggesaksmeldingar inneheld tilfredstillande fasade- og planteikningar av prosjektet. Det skulle vore spennande å få sjå kven som har betalt for kva, noko seier meg at det sit ein utbyggjar ein plass med meir profitt frå prosjektet enn den verdien ein park og ei sandstrand har for Nordfjordeid.

Alfred Bjørlo seier i Fjordabladet 19. Juli i år at ein må ikkje leggje noko hinder for utvikling. Det er riktig, men ein bør faktisk leggje hinder for dårlig utvikling. Det finst nok av strålande eksempel på korleis tettstadar kan utviklast i tråd med den lokale identiteten, der ein tek omsyn til eksisterande bevegelsesmønster ved å dele inn nye bygningsmasser i fleire, mindre einingar. Slik får ein levande offentlege byrom som speler på lag med dei eksisterande. Ikkje store, framande grå boksar med metallplater og pålimde murstein som tek opp verdifullt areal utan å gje nokon kvalitetar tilbake til byromsbiletet på ei einaste av fasadane. Vidare meiner han at det viktige må vere å ha ”reglar som sikrar god sentrumsutvikling”. Vel, maksgrensa på 11000 m i eitt senter er ein av desse viktige reglane, og når vi ser kva som reiser seg langs den tidlegare sjøfronten så forstår vi kvifor.

Som det sosiale mennesket eg er, går eg alltid ei ”runde” i Moengården for å treffe på venner og kjende, og det kjem eg til å fortsette med. Derimot er eg bevisst på å ikkje legge igjen ei krone meir enn eg må. Dei brukar eg heller i nisjebutikkane i Eidsgata, for det er ein slik tettstad eg vil ha!