Først vil eg seie deg det, Alfred, at eg syns du kunne vise oss såpass respekt at du faktisk venta med å feire «den siste brikka i puslespelet ditt» til klagesaka vår var ferdig behandla! ( Du er faktisk Ordførar for oss også….) Eg går sjølvsagt ut ifrå at det blir Fylkesmannen som skal avgjere den, for her i kommunen var saka tydelegvis spikra for  4 år sidan. Men at du, som Venstremann, kan hevde at Cruise og Klima er ein grei kombinasjon, det er så latterleg at det nesten ikkje går an å kommentere….så derfor lar eg det være! Eg legger heller ved denne linken, eit dokument utarbeida under leiing av Alfred Bjørlo, i 2015, og anbefalar å lese avsnittet om «Grønne byer og tettsteder..» Og favorittløgna di om landstraum, Alfred; vær no såpass til mann og sei det som det er: vi får aldri landstraum på Eid! Du har ikkje eingong gidda å ta ein telefon til SFE for å spørje, men det har eg: dei kan ikkje levere det!

Så har eg, den siste tida, fått nokre velmeinande tilbakemeldingar om at  «du må være forsiktig, Rita – du skal jo drive butikk…!»  Dette er sagt av folk som bekymrar seg, fordi eg ikkje er  «på lag» med eit politisk einstemmig miljø i Eid (bortsett frå ei tøff dame frå SV!), og då må eg berre seie at så vidt eg veit så sit det mange både i Formannskapet  og Kommunestyret som driv både butikk og anna næringsverksemd, men det kan vel ikkje bety at dei skal holde kjeft? Kva gjer dei der då? ( Har vi eit demokratisk problem der folk faktisk ikkje tørr å ytre sine meiningar?)

Ja, eg skal drive butikk!  Eg trur til og med at det er liv laga, og eg meinar at Eid har fantastiske mogelegheiter innan både handel, reiseliv og kultur!

Kultur er også natur. Natur er eksklusivt og eksotisk! Folk betalar i dyre dommar for å komme hit, for å sjå og oppleve den, vår eineståande norske natur . ( Også via cruiseskip, ja…) Viss ein vil så kan ein søke på nettet og sjå kva slags marknadsføring vi driv frå Norge si side for å få folk hit; Fjordane våre, Nordlyset, Lofoten,  Brear, Fjell, Geitost, Klippfisk, Vill-laks, Hjort, Reinsdyr; aktive feriar i rein og urørt natur. Det er neimen ikkje mykje ”shopping” å sjå! Så unnskyld meg, men ikkje prøv å få meg til å tru at Cruiseturistane frå Italia, Storbritannia, Tyskland, osv., kjem til Norge for å shoppe! Det blir nok mykje liv og røre i Eidsgata/Sjøgata framover ja, viss denne galskapen vert iverksett, men ikkje tru at det kjem til å vise igjen på kassa-apparatet når dagen er over. Det kjem til å vise igjen på heilt andre vis, bl.a. når dei tømmer «gråvatnet sitt» ( dusj/oppvaskvatn) i fjorden vår, som sakte men sikkert vil drive inn på «Barcelona-stranda». Då vil «algebad» få ei heilt ny betydning i Eid, og det vil nok ikkje opplevast fullt så luxeriøst som på Spa. Og vi, her i «sør-enden», som har hatt Moloen som vår tilholdsstad når det har glimta til med fint sommarvær – vi vil nok ikkje føle oss like komfortable når det ligg ein «vegg av eit cruiseskip» og iakttar oss der vi ligge.. Dette området er regulert, av kommunen sjølv, til rekreasjon.( Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone). Dei einaste som får nyte godt av den ”rekreasjonen” i  50 år framover no, er tydelegvis Seawalk Nordfjord AS.

Så kan ein sjølvsagt hevde at «du har valgt å busette deg i sentrum, Rita – og då får du ta det som følger med!» Ja, det tar eg gjerne med  – men IKKJE CRUISESKIP! Fordi eg syns vi fortjenar betre enn desse «flytande eksos-byane» ! Fordi eg syns at naturen vår fortjenar betre! Fordi eg syns den neste generasjonen fortjenar betre! Og sist men ikkje minst: vi treng det faen ikkje!