Det var under 200m fri i klassa S1, at Ingrid Thunem sette ny verdsrekord torsdag 14. juli. Tida ho kom inn på var 3.59,02. Dette er Thunem sin 22. verdsrekord.  Fredag 15. juli sette ho også ein ny verdsrekord. Denne gongen var det på 100m rygg med tida 2.25.63

Bakgrunn                  Thunem har vakse opp på Nordfjordeid og gått på Eid vidaregåande skule. Som 20-åring flytta ho til Tromsø for å konkurrere for Tromsø Svømmeklubb. Sidan 2010 har ho slitt med ein alvorleg nevrologisk sjukdom som forverra seg og medførte lammingar. Etter kvart vart Thunem lam på høgre side av kroppen. I 2012 vart ho teke ut på landslaget for funksjonshemma. I dag er ho delvis lam og kan berre symje med ein arm. I EM i mai i år, tok ho sine første EM- gull på blant anna 50 fri og 50 rygg.

MålrettaRett før NM starta sa Thunem til Fjordabladet at målet var to verdsrekordar under NM i Kristiansand som går frå 14-17. juli, og dermed stå med 23 verdsrekordar totalt. – Eg manglar verdsrekordane på 200 fri og 50 butterfly. Hovudmålet mitt under NM er å slå verdsrekordane på desse distansane. Om eg gjer det, har eg alle verdsrekordane i mi klasse.

I tillegg til 200m fri og 100m rygg, skal Thunem symje blant anna 100 fri, 50 fri og 50 butterfly under NM i Kristiansand.