Regine Nesheim

Tatt ut til senior-EM i luftvåpen

Regine Neheim er tatt ut til sin første store internasjonale meisterskap i skyting for senior.

Regine Nesheim som har vore meir eller mindre fast på det norske junior-damelandslaget, er no tatt ut på seniorlaget for damer.Foto: Privat

Sport

Norges Skyttarforbund tok torsdag ut 24 skyttarar til EM Luftvåpen i Ungarn i februar. Regine Nesheim som har vore meir eller mindre fast på det norske junior-damelandslaget, er no tatt ut på seniorlaget for damer.

I Ungarn

Den årlege meisterskapen for rifle, pistol og viltmål vert nok ein gang arrangert i ungarske Györ, slik det også blei i 2016. Norge stiller ni pistolskyttarar, to viltmålskyttarar og 13 rifleskyttarar i konkurransen. I EM blir det konkurrert på 10 meter luftrifle, 10 meter luftpistol og 10 meter viltmål. For første gong skyt kvinnene 60 skot på rifle og pistol. Meisterskapen  vert gjennomført i perioden 16-26.februar.

Dei tre beste

I dameklassen i rifle senior er i tillegg til Regine Nesheim, som deltek i sin første seinormeisterskap, følgjande tatt ut til å representere dei norske fargane: Karoline Hansen og Sina Busk.

Dei tre beste kvinnene i rifle senior har alle skote over vurderingskrav og blir rekna som Norge sine tre beste gjennom sine prestasjonar i uttaksstevnene.