–Det blei eit godt år for oss i 2016. Spelarsal løftar omsetnad og resultat, slik at vi kan ta nye utviklingssteg i åra som kjem, seier styreleiar Tor Arne Ness i ei pressemelding frå klubben.

Også dagleg leiar Egil Mundal er godt fornøgd med årsresultatet for 2016, og den positive utviklinga klubben har vore i gjennom fleire år.

–Det er alltid krevjande med sal av våre beste spelarar. Det gjev god økonomi, men skapar sportslege utfordringar på kort sikt. Men at vi sel vidare spelarar er også ein av grunnane til at unge talent vel å kome til Sogndal og Fosshaugane Campus. Økonomisk har Fosshaugane Campus blitt eit ok fundament. Vi har stor totalbalanse, så EK-prosenten er akseptabel, men heller ikkje meir. Men at vi har gått frå ti til 38 millionar kroner i eigenkapital siste  sju åra er vi veldig godt nøgde med. Budsjettet for 2017 er vedteke med ein forventa omsetnad på 53 millionar kroner. Her ligg det inne noko vekst både på spelarsida og i det sportslege støtteapparatet, seier Egil Mundal i den same pressemeldinga frå Tippeligaklubben.