Dette var åttande gongen handballgruppa i Haugen IL arrangerte Gjensidige handballskule i haustferien. I tre dagar kosa 50 gutar og jenter seg med handball, quiz, rebusløype og leik og moro. Samtlege gongar handballskulen har vore arrangert har det vore fullsett.

– Vi har eit tak på 50 deltakarar, og kvart år har vi hatt venteliste. I år kom det nokre avbod i siste liten, truleg på grunn av familiar som ville reise på tur i det fantastiske haustvêret. Men vi fylte opp med barn som sto på venteliste, og i år fekk faktisk alle som meldte seg på plass til slutt, fortel leiar i handballgruppa i Haugen IL, Hilde Nord Haugland.

Avhengige av sponsorar og dugnad

Ho fortel at dette er siste året Gjensidige er inne som sponsor for den landsdekkande handballskulen.

– Handballforbundet jobbar med å få inn ein ny sponsor, så vi får håpe at det går i orden. I tillegg til mat og drikke fekk deltakarane i år ball, sekk og drikkeflaske inkludert i påmeldingsavgifta. Tidlegare har alle fått t-skjorte, fortel Nord Haugland, som håpar at dei kan halde fram med handballskule i haustferien.

– Vi har funne ein mal som fungerer veldig godt. At det alltid er fullsett er eit klart teikn på at vi har skapt noko som mange ønskjer å vere med på. Men vi er heilt avhengige av sponsorar og dugnadsinnsats for å få det til, seier ho.

Ungdommar som instruktørar

Frå styret i handballgruppa i Haugen IL var tre personar til stades på handballskulen kvar dag. Blant desse var Magni Strømmen, som er primus motor for å skaffe sponsorar til mat og drikke.

– Vi har fått sponsa mat frå Rema og Bunnpris, frukt frå Stårheim og yoghurt, ost og jus frå Tine. Mange foreldre har stilt opp på dugnad på kjøkenet, og vi har hatt ni ungdommar frå 14-18 år som instruktørar. I tillegg har Tone Flem Ulvestad og Geir Dale stilt opp som instruktørar, fortel Hilde Nord Haugland.

Tidlegare har ein hatt deltakarar opp til 13 år på handballskulen, men Gjensidige har bestemt at ein i år skulle ha deltakarar frå 6-11 år.

– Vi ville helst hatt den tidlegare aldersinndelinga, men vi rettar oss sjølvsagt etter sponsoren, seier Nord Haugland.