Torsdag kveld,  før seriekampen mellom Eid G12 og Hjelle G12, fekk Eid G12 Sogn og Fjordane Fotballkrets sin Månadens Fair Play-pris.

− Sogn og Fjordane fotballkrets gratulerer Eid G 12 med ei særs fortent Fair Play utmerking. Trygge og inkluderande miljø i barnefotballen er grunnleggande for trivsel, meistring og gode opplevingar, og vi rosar både trenarar og foreldre på laget som tydeleg støttar opp om dette. De er viktige rollemodellar, sa Evy Mariann Rossetvik, styremedlem i Sogn og Fjordane Fotballkrets då ho overleverte diplom, fem fotballar og eit gåvekort pålydane tusen kroner til laget.

Innstillinga til prisen kom etter innspel frå foreldre som har følgt laget i fleire år.

I innstillinga heiter det: «Eid IL Fotball sine gutar 12 år har alltid vore ein veldig kjekk gjeng med gutar. Dei starta å spele fotball i 6 årsalderen, og gutegjengen spelar fotball den dag i dag. Dette er ein gjeng med gutar som har stor glede av å spele fotball saman og ikkje minst ha det sosialt ilag. Gutane er også svært heldige å ha to trenarar som har vore opptekne av å ivareta samtlege spelarar heile vegen.

Det som gjer denne gjengen ennå litt meir spesiell, er evna til å inkludere. For i denne guteflokken spelar ein gut som er litt annleis, ein gut som er utviklingshemma. Denne guten har vore med sidan starten, og har blitt spelt med og spelt til, heile vegen. Då gutane starta i seriespel blei det litt meir alvor, men lagkameraten har heile tida vore med på lik linje med dei andre. I dag er gutane 12 år og gjengen er intakt. Lagkameraten er framleis fast på trening og alltid med på kamp. Gutane viser ekstra omsorg for lagkameraten sin, og skulle han vere så heldig å kome i ballen, får han godt med ros av lagkameratane. Det er lett for at fotballen blir så alvorleg etter kvart, at ein ikkje tek seg tid til å inkludere eller vise omsorg for dei som er litt annleis. Men slik er det ikkje for Eid sine gutar 12 år. Dei er glad i lagkameraten sin, dei viser respekt for han og ser til at han er med og har det kjekt. Gutane er flinke til å fortelje lagkameraten sin når han bør gjere noko annleis, reglane som gjeld ute på bana og ikkje minst er dei flinke til å rose han, når det er på sin plass! Drar gutane på bortekamp, er det alltid planlagt kor lagkameraten skal sitte på. Det er rørande for oss som står på sidelinja å sjå omsorga ute på bana, og ikkje minst å sjå for ei stor glede denne lagkameraten har av å vere ein del av laget. Han strålar som ei sol og står klart med High Five når laget skorar eller om lagkameratane skulle lukkast med ei finte eller to. Det som gjer dette laget spesielt er gutane som viser slik omsorg for lagkameraten sin, trenarane som viser evne til å ivareta alle på laget, men også at familien til denne lagkameraten let guten sin vere ein del av gutar 12 laget. Å treffe klassekameratar utanom skuletid for å spele fotball, er ei glede for alle gutane.

Eg tykkjer dette er ei historie som viser at Fotball er unikt. Fotball er inkluderande og ein idrett vi alle kan vere ein del av uavhengig av fysiske eller psykiske færesetnader.»

Lars Olav Holmøyvik tok imot blomar frå Rossetvik på vegne av trenarar og lagleiarar. Foto: Tormod Flatebø
Evy Mariann Rossetvik, styremedlem i Sogn og Fjordane Fotballkrest, sto for overrekkinga av månadens Fair Play-pris for september til Eid G12. Foto: Tormod Flatebø