I kveld bli det oppvarming til den første kvartfinalen i EM mellom Polen og Portugal på Eid stadion, der Eid sitt G19 lag, som skal til Spania på juniorcup, møter gamle fotballstjerner frå Eid.  Kampen startar klokka 18.00.

− I kampen vil det mange gode fotballspelar som kjem frå Eid, og som har spelt på Eid. Mange er framleis aktive, og publikum vil i denne kampen få sjå mange av dei som tidlegare har vore med på å skape flotte stunder  på Eid stadion, seier Bjørn Totland, trenar for Eid sitt a-lag, og som sjølv vil spele delar eller heile kampen.

Hovudtrenar Bjørn Totland har med seg følgjande G19 tropp som skal til Spania. Dei same spelarane møter Eid all-stars idag kl 1800 på ei strøken grasmatte på Eid stadion.

Her er laga:

G19:

1. Sander Torheim Frislid.

2. Sebastian Andersen Grøttå.

6. Steffen Ekern Glosvik.

7. Marius Henriksen.

8. Daniel Haus.

9. Kristian Lefdal.

10. Simen Lefdal.

11. Vebjørn Høynes.

14. Stijn Van Oorschot.

17. Johan Pasit Skorge.

19. Joachim Joensen.

20. Håvard Holmøyvik.

21. Runar Naustdal.

25. Joakim Frislid Vedvik.

27. Daniel Myklebust.

32. Kristian Årskog.

88. Arthur Sundal.

Eid all-stars tema:

Trenarar: Geir Moldestad. Vore aktiv Eid-spelar i mange år, og tok etter kvart over som hovudtrenar. Har B-lisens og har trent mange av gutane på Eid all-star.

Magnus Sævik: Er til dagen assistentrenar for Eid sitt a-lag, og har vore det i ein årrekke. Var i si tid ein frykta midtstoppar, med ei karriere i både Eid og Skavøypoll.

Edgar Flo. Edgar har spelt på Eid stort sett heile si seniorkarriere. Eit lite opphald i Tyskland. Har hatt ymse oppgåver i klubben, der han blant anna har hatt ansvar for keepertrening.

1. Tom-Øyvind Solheim, spelar på Hornindal. Er på utlån frå Eid IL Fotball.

2. Eivind Daniel Røed, tidlegare Eid-spelar som har spelt på Sogndal. For tida er Eivind Daniel aktiv futsalspelar, og spelar på Noreg.

3. Ole Andreas Aarvik. Spelte ein årrekke for Eid. Held no til i Bergen og spelar på Ny-Krohnborg.

4. Anders Midthjell. Aktiv storskårar på Eid den dag idag.

5. Anders Kyrkjeide Karlsen. Den blide, godt trente guten står fortsatt i Eid, og er heime og bidreg kva sommar.

6. Johannes Myklebust. Står pt. i Emblem fotball. Har ei fortid i både Eid og TMFK.

7. Vebjørn Nord Haugland. Står i Eid og bidreg på Eid 2. Vebjørn kunne gjort ei god karriere som spelar, men er ein framifrå dommar som vi forhåpentlegvis snart får sjå i Tippeligaen.

8. Marius Hagen. Spelar i Ham-Kam og har ei fortid i ein rekke klubbar. Molde, Stryn :(, Krisitansund, Nest-Sotra, Notodden og i svenske Superettan på Husqvarna.

9. Hallgeir Sandal. Spelarutviklar og assistentrenar a-lag i Eid IL Fotball. Terrier på midtbana med ei fortid i Jølster, Sogndal og Stryn.

10. Henning Haugen. Eid a-lag sin kaptein. Ein klubblegende som kun har spelt for 1 klubb. Respekt!

11. Ove Andre Balsnes. Den solide stopparen som i ei årrekke har spelt for Eid. Held no til i Ny-Khronborg i Bergen.

13. Thor-Erik Nygaard. Står no i Gaular, men har ei spelarkarriere i Eid, Stryn :( og Førde.

14. Arild Magnus Bjørhovde Rindal. Har ei årrekke spelt for Eid før han skifta beite. Er no i dei djupe skogar i Kaupanger.

16. Vegard Myklebust Øien. Vegard er Haugen sin stolte representant på all-star laget. Ein ung og god fotbalspelar med mange gode fotballår forran seg.

17. Andreas Bjørhovde Heggedal. Andreas spelar for tida mest kompissfotball, men har dei siste åra bidrege på Eid og er i god form.

18. Adrian Hagen Henden. Adrian spelar som regel for Eid sitt a-lag. Er ein unggut med ei spennande framtid føre seg.

19. Arnt-Ivar Naustdal. Den tidlegare Eid og Strynspelaren er den siste tilveksten til Eid allstars.

Dommartrio:

Hovuddommar: Markus Nybø Bakke

Assistentdomamar 1: Adbi

Assistentdommar 2: Jostein Haugland.\

4. dommar: Steve Sib

Speaker: Stein Inge Torheim.

Etter kampen blir det samling i klubbhuset. Vi fyrer opp grillen og ser EM på storskjerm.