Komande søndag reiser Eid sitt G19-lag til Spania for å delta i ein junior-cup. Som ei oppkøyring til denne fotballturneringa møtte dei unge håpefulle «gamle stjerner» på Eid Stadion onsdag kveld. Kampen som gjekk over tre gonger 30 minutt, uvisst av kva grunn, var både innhaldsrik og til tider velspelt - frå begge lag.

Tok grep

Første mål vart sett inn av Tor-Erik Nygård, som har ei fortid både i Eid, Stryn og Førde og som no spelar for Gaular i 4. divisjon, sette inn det første målet i kampen for dei stjerne. Johan Skorge, ein av dei mest talentfulle spelarane vi har sett på mange år, var uheldig og hansa. Dommaren, Markus Nybø Bakke, meinte det var innafor 16. meteren og peikte resolutt på straffemerket. Tor-Erik Nygård sette ballen kontant i mål bak G19-laget sin gode keeper Sander Torheim Frislid.

Måltjuv

Det andre målet i kampen var det G19-laget sin måltjuv framfor nokon, Kristian Lefdal, som sette inn. Kristian fekk ein nydeleg stikkar frå Vebjørn Høynes, kom åleine med Tom-Øyvind Solheim og netta sikkert. Dette målet kom i den andre 30-minuttarsomgangen.

Avgjorde

I den siste omgangen, altså den tredje, avgjorde Johannes Myklebust kampen. Johannes som no har flytta heim til Eid, etter at han fekk jobb som prosjektingeniør på tavleavdelinga hos Eid Elektro, fekk ein høg ball frå Vebjørn Nord Haugland som han nikka over utstormande Sander Torheim Frislid.

− Eg kan ikkje hugse sist eg scora. Nei dette var veldig moro, sa Johannes til Fjordabladet etter å ha blitt match-vinnar.

Kjende fjes

På «stjernelaget» var det mange gode fotballspelar som kjem frå Eid, og som har spelt for Eid. Flesteparten av dei er framleis aktive. Som eit døme kan vi nemne at Marius Hagen, som ei drivkraft på midtbanen til stjernelaget, spelar på Hamkam. Elles spelar fleire av dei som var inn på stadiongraset på lag i Sogn og Fjordane i ulike divisjonar.

Kampfakta

Eid G19 - All-stars laget 1-2 (1-0)

Eid Stadion

Tilskodarar: Fleire enn det er på ein ordinær seriekamp

Dommar: Markus Nybø Bakke

Assistentdommarar: Adbi, Jostein Haugland og Steve Sib.

Mål:

0-1 Tor-Erik Nygård (str.)

1-1 Kristian Lefdal, assist Vebjørn Høynes

1-2 Johannes Myklebust, assist Vebjørn Nord Haugland

Eid G19: Sander Torheim Frislid 2. Sebastian Andersen Grøttå, Steffen Ekern Glosvik, Marius Henriksen, Daniel Haus, Kristian Lefdal, Simen Lefdal, Vebjørn Høynes, Stijn Van Oorschot, Johan Skorge, Joachim Joensen, Håvard Holmøyvik, Runar Naustdal, Joakim Frislid Vedvik,  Daniel Myklebust, Kristian Årskog og Arthur Sundal.

Eid all-stars tema: Tom-Øyvind Solheim, Eivind Daniel Røed, Ole Andreas Aarvik, Anders Midthjell, Anders Kyrkjeide Karlsen, Johannes Myklebust, Vebjørn Nord Haugland, Marius Hagen, Hallgeir Sandal, Henning Haugen, Ove Andre Balsnes, Thor-Erik Nygaard, Arild Magnus Bjørhovde Rindal, Vegard Myklebust Øien, Andreas Bjørhovde Heggedal, Adrian Hagen Henden og Arnt-Ivar Naustdal.

Ekspertisen var på plass på balkongen i klubbhuset. Foto: Tormod Flatebø
Sjølv om det gjekk heitt for seg ute på banen, kunne brannvakta slappe av. Foto: Tormod Flatebø
Arnt-Ivar Naustdal (liggande), tidlegare fotballspelar for Eid og Stryn, var den einaste av spelarane som fekk sjå dommaren sitt gule kort i kampen. Foto: Tormod Flatebø
Ove Balsnes, forsvarsklippe på Eid sitt A-lag i fleire år, var på plass i midtforsvaret til stjernelaget. Her prøver Kristian Lefdal å overliste forsvarkjempa - utan å lukkast. Foto: Tormod Flatebø
Tom-Øyvind Solheim, tidlegare keeper for Eid, viste at gamle kunster framleis sit i. Foto: Tormod Flatebø
Simen Lefdal styrte midtbanen til Eid G19 på ein framifrå måte. Foto: Tormod Flatebø
Marius Hagen, som no spelar for Hamkam, bidrog sterkt til at dette vart ein sjåverdig kamp. Ein annan midtbanelegant, Simen Lefdal (nr. 10), føl nøye med på Hagen sitt neste trekk. Foto: Tormod Flatebø
Johan Skorge går ei stor framtid i møte om han held fram den gode utviklinga. Skorge er teknisk god, splear med stor autoritet og ikkje minst tryggleik. Foto: Tormod Flatebø