Etter litt plunder med ei sløv saks, fekk Ordførar Alfred Bjørlo endeleg erklært Hogatunet for opna. Til litt latter frå publikum.

– Eg får ta denne med som ein liten souvernir, seier han etterpå.

Her kan du lese heile talen til Ordførar Alfred Bjørlo:

Kjære alle saman: Gratulerer med dagen!

Ventetida er over. I dag opnar Hogatunet dørene – det største byggeprosjektet Eid kommune nokon gong har gjennomført. 40 år etter at Eid Sjukeheim sto ferdig. 16 år etter at planlegginga starta. Vi kan vere samde om at det er på høg tid. Men ver også klar over følgande: Hadde Hogatunet blitt bygd for 10, ja berre for 5 år sidan, hadde det vore eit heilt anna bygg enn det som står her i dag! For Hogatunet er noko mykje meir enn ein sjukeheim. Akkurat som Operahuset Nordfjord er eit "fleirbrukshus", og den nye Eidahallen ved Nordfjordeid skule er ein "fleirbrukshall" – er også Hogatunet i høgste grad eit «fleirbruksbygg». Hogatunet er ein stad å bu – døgnet rundt, året rundt – for om lag 50 innbyggarar i Eid.

Men det er også ein stad for behandling, ein stad for opptrening og ein sosial møtestad. Det er ein stad å leve eit godt liv – men også ein stad å lære seg å leve eit godt liv i eigen heim, og få støtte og avlasting. Og så er det i tillegg ein av dei aller største arbeidsplassane på Eid. Nær 100 personar vil ha sin arbeidsstad i dette bygget. Dag og natt, kvardag og helg. Og få ein heilt annan og betre arbeidskvardag enn før. Men mest av alt er Hogatunet for meg ein stad for verdigheit. Det er ein stad der vi tar på alvor at dei som treng mest omsorg i livet sitt, skal ha like stor verdigheit i kvardagen som oss andre. Sleppe å dele bad med ukjende. Sleppe å måtte sitte på toalettet så å seie med open dør. Sleppe å få privatlivet sitt forstyrra utan å ville det sjølv.

På Hogatunet vil dei som treng heildøgns omsorg i Eid få bu på ein stad der alt er av høg standard og godt tilrettelagt. Ikkje berre praktisk, men også estetisk. Kunst og kultur er like viktig i kvardagen når du er gammal som når du er ung.

På Hogatunet skal du få velje sjølv om du vil ha sosialt fellesskap eller privatliv. Du kan få vere åleine på rommet ditt og sjølv ha kontrollen på kven som kjem inn, og kva du måtte ønske å gjere der. Men du kan også få høve til å delta i samfunnslivet på ein heilt annan møte enn før om du ønsker det – takka vere moderne teknologi. Følge med på ei førestilling i Operahuset. Ei gudsteneste i kyrkja, eller eit kommunestyremøte. Ein konsert i kulturskulen med barneborn dersom du ikkje er i stand til å komme deg ut av rommet eller huset. Og gode, romslege uteområde for dei som kan bruke det.

Bur du på Hogatunet, er du enkelt og greitt ein innbyggar i Eid – på line med oss andre. Det er bygget lagt til rette for – som de snart skal få sjå. Og det er ikkje berre viktig for dei som skal bu der. Det er like viktig for alle oss som har eller vil få foreldre eller besteforeldre, onklar og tanter, som ein dag kanskje får bruk for å flytte inn på omsorgsinstitusjon. No kan vi alle trygt vite at dei vil få det godt. Få eit verdig liv i ei verdig ramme. Ein stad små og store kan gle seg til å komme på besøk. Som oppfyller dei krava vi har til vår heim i 2017.

Og så er det ekstra kjekt synst eg, at det ikkje er eit bygg som er «gøymt vekk», men som ligg midt i kvardagslivet i Eid. Med barnehage og skular på eine sida, og fjordhestsenter på den andre. Med bustadbygging i bakkane over, og godt tilrettelagde stader å gå og sykle i alle retningar. Som bebuar på Hogatunet er du ikkje «stua vekk» – du er der det skjer.

Takk til

Så tusen takk til alle som har vore med og få Hogatunet fram. Det har vore eit lagspel – også politisk. Tusen takk til alle i noverande og førre kommunestyre som har synt felles handlekraft og fått prosjektet gjennom.

Takk til hovudentreprenør Åsen og Øvrelid – og til alle underentreprenørar. Ikkje minst er det kjekt å vite at Hogatunet er så mykje "kortreist bygg": Caverion, Normatic, Norgesvinduet, A O Bakke, Skårhaug Taktekk, Gardit, Bano på Sandane, Nordfjord Betong og andre. Og sjølvsagt varma opp med Fjordvarme. Og eit heilt spesielt samarbeid med Eid vidaregåande skule – demo-leilegheit for velferdsteknologi – unikt samarbeid mellom Eid og Stryn vidaregåande skule om velferdsteknologi.

Takk til alle tilsette i Eid kommune som har arbeidd med prosjektet – og ein stor takk til tilsette på Eid Sjukeheim for tolmodet de har synt med ein gammal institusjon som i mange år har vore moden for avløysing.

Og så ein spesiell takk til ein usedvanleg tolmodig nabo som meir enn nokon har fått sin kvardag prega av Hogatunet dei siste åra, og tatt det med godt humør: Oddlaug Aarestrup. Eg er glad du er her i dag: Eg vil be dykk alle vere med på ein stor applaus for Oddlaug.

Med det er den store stunda komen. Ventetida er over. Velkommen inn i ei ny tid for Eid. Velkommen til Hogatunet!

Fjordabladet kjem tilbake med fleire bilde. Tysdag kan du lese meir om kva folk meiner om det nye bu- og behandlingssenteret i avisa.