Hornindal kommunestyre vedtok 30. juni i år at Hornindal kommune skal slå seg saman med Volda. Mindretalet som gjekk imot var på seks. Avgjerda vart gjort på grunnlag av ei innbyggjarundersøking i kommunen som viste at halvparten vil nordover og halvparten sørover om dei fekk velje.

Samstundes med vedtaket i kommunestyret blei det oppretta ei facebookgruppe som vil ha folkerøysting i kommunen for å få fram folkemeininga. Ut av denne gruppa blei aksjonsgruppa for folkerøysting i kommunen danna. Dei starta med å samle inn underskrifter i byrjinga av august, og avslutta dette i går kveld.

Til Fylkesmannen

I Hornindal er det 937 røysteføre, og 330 underskrifter utgjer dermed 35 prosent. Audun Gausemel seier at dette er eit resultat om lag som forventa.

–Vi har no gjennomført denne underskriftskampanjen, og sender underskriftene til Fylkesmannen og til kommunestyret i Hornindal. Så er det opp til dei å bestemme kva som vidare skal skje i denne saka. Som aksjonsgruppe ser vi på vårt arbeid som avslutta. Personleg har eg vel lita tru på at dette vil føre til ny folkerøysting, men oppgåva vår var også å gjere synleg kva svært mange i kommunen meiner, seier Gausemel. Han er ein av dei ti i gruppa som har gått rundt med lister dei tre siste vekene.

Mykje støtte

–Aksjonsgruppa blei oppretta etter ønskje frå mange av innbyggjarane i Hornindal. Det var mange som vende seg til oss fordi dei opplevde at innbyggjarundersøking ikkje avspegla folkemeininga i kommunen. Dei ville ha folkerøysting for å få fram kva folket meiner, seier Gausemel som opplevde god støtte frå innbyggjarane når han gjekk rundt med lister.

–Vi blei godt mottekne og opplevde at mange støtta oss. Men ikkje alle dei som ønskjer folkerøysting ville stå fram med eit namn på ei slik liste. Det betyr at endå fleire enn 330 personar i kommunen ønskjer folkerøysting, seier Gausemel som trur at mange ikkje heilt torer å stå fram med si meining.

Fryktkultur

–Årsakene er vel fleire til at mange ikkje vil skrive under, sjølv om dei støttar saka. Ein grunn er at fleire trur det no er for seint og at dei ikkje vil ha namnet sitt på ei liste. Ein grunn er også ein slags fryktkultur som har oppstått. Ikkje minst på grunn av det som har kome fram i media sidan vi starta med denne aksjonsgruppa. Når til dømes redaktøren i Fjordingen, Bengt Flaten, nærast driv med hets mot denne gruppa på leirarplass fleire gonger, kan det for mange verke slik at dei ikkje torer å skrive under. Eg trur at mange no ikkje torer å setje seg opp mot ei dominerande gruppe med menneske i kommunen som vil ha samanslåing med Volda. Dei støttar vår sak men det kostar for mykje å ta denne kampen offentleg, seier Gausemel som trur at mange av desse ville ha stemt ved ei folkerøysting.

–Dersom vi ser på at 679 personar røysta ved førre kommunestyreval i Hornindal, så utgjer 330 underskrifter snart halvparten av desse. Snakkar vi så om mørketal på kanskje opp mot 100 personar som ikkje torer å skrive under, kunne ei folkerøysting lett ha bikka i favør av ikkje samanslåing med Volda, trur Gausemel som sjølv opplevde at rundt ti til femten personar på hans rode støtta saka, med ikkje ville ha namnet sitt offentleg på ei slik liste.

Stor Nordfjord-kommune

–Men det er heller ikkje slik at dei som ikkje vil slå seg saman med Volda, vil ha ei Stryn-Hornindal samanslåing. Sjølv meiner eg at Hornindal bør blir ein del av ein større kommune i Nordfjord, der både Stryn, Eid og Gloppen blir med, seier Gausemel.

Sender over

Dei næraste dagane blir underskriftene sendt over til Fylkesmannen og til Hornindal kommunestyre.

–Vi skal no ta ein ekstra kontroll på listene før dei går vidare. Til dømes må vi sjå om dei 12 under atten år som har skrive under skal vere med på lista, seier Gausemel.