Oddlaug Aarestrup (92) har vore med i Røde Kors besøksteneste i mange år, og ho held framleis på.

– Dei kjem og hentar meg, og køyrer meg til Eid sjukeheim eller Eldretunet når eg skal vere besøksvenn. Eg har god kontakt med alle som er på heimane her. Dei kjenner meg heile gjengen, og det synest eg er fint, fortel Oddlaug.

Laurdag fekk ho applaus frå alle dei frammøtte. Ho er næraste nabo til Hogatunet, og Eid kommune har mykje å takke ho for. Dei har mellom anna fått kjøpt delar av tomta hennar til å bygge Hogatunet.

Då Alfred Bjørlo ville takke henne, sat ho inne og høyrde ikkje beskjeden. Men snart fekk ho høyre det, og kom ut på balkongen, der ho både vinka og neide.

– Eg følte eg måtte neie. Det har til sine tider vore fin avveksling å snakke med så mange kjekke bygningsfolk. Dei har fått vite kva eg likar og ikkje undervegs, og eg har blitt vand med å ha Hogatunet som næraste nabo. Det er eit eineståande bygg. Sjølv vil eg helst klare meg heime så lenge som muleg, men kjem til å ha lyst til å besøke her innimellom, seier Oddlaug Aarestrup.

Trivst i eige selskap

Oddlaug har to barn som ikkje bur på Eid, fem barnebarn og tre oldebarn. Dei har ho mykje kontakt med.

­– Dei er flinke til å besøke meg, og eg har god kontakt med både barnebarn og oldebarn. Dei kjenner meg godt alle saman, seier ho.

Sjølv om ho bur åleine kjenner ho seg ikkje einsam, ho er ved god helse og klarar seg fint i huset sitt.

– Eg ser ofte på bilde av mine kjære, og trivst i eige selskap. Folk kjem på besøk. Og eg går på besøk, men det er ikkje slik det var før i tida då ein berre kom innom, seier ho. Eg kjenner meg ikkje åleine.

Triveleg møte med ordføraren i trappegangen på Hogatunet. Foto: Anita Ingebrigtsen
Mange kjenner Oddlaug, og stoppar opp for å helse på. Ved opninga av Hogatunet 1. april 2017. Foto: Anita Ingebrigtsen
Oddlaug Aarestrup (92) på opninga av Hogatunet bu- og behandlingssenter. Foto: Anita Ingebrigtsen