Jon-Vegar Sole Sundal og Ingebjørg Eide spelar kornett i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, musikklaget som nyleg vart kåra til europameister i brass. Det er ei stor bragd for ei lita bygd å ha fostra eit slikt musikktalent som Jon-Vegar, og også bygda ville vere med på feiring.

I helga var Jon-Vegar og Ingebjørg i Kjølsdalen for første gong etter EM, og bygdefolk med musikkmiljøet i spissen hadde stelt i stand til fest for å heidra dei for den fantastiske prestasjonen det er å vinne EM Brass.

Overrasking

Far til Jon-Vegar, Ingvar Sundal, er organist, og som vanleg når dei er heime var Jon-Vegar og Ingebjørg med og spelte på gudstenesta i Kjølsdalen. Det dei ikkje visste var at det venta ei overrasking. Då gudstenesta var slutt, stod kjølsdalsmusikantar og ordføraren utanfor og spelte jubileumsmarsj på kyrkjebakken, og då hovudpersonane kom ut, vart dei møtt av musikk og gratulasjonar.

Ordføraren stilte med blomar og rosande ord.

– Dersom det hadde vore innan idrett, hadde alle forstått kor stort dette er. Det er minst like stort og vanskeleg å bli europameister innan korps, understreka Eid-ordførar Alfred Bjørlo, ein av fleire som i dag nytta høvet til å gratulere EM-vinnarane.

– Takk for at de alltid er positive. De er supre forbilde, rosa Helga Didrikke Sundal.

Torfinn Myklebust gratulerte på vegner av kyrkjelyden, Kjølsdalen sokneråd og bygda med den imponerande innsatsen.

–  Eg føler nesten at vi har gifta oss, lo Ingebjørg Eide då ho stod saman med Jon-Vegar på kyrkjetrappa med blomar i hendene og tok imot gratulasjonar.

Og akkurat den setninga verka det som om Jon-Vegar si mor tykte godt om…

Felles musikkinteresse

Kyrkjekaffi høyrer med, og inne var det duka til fest med eit kakebord som kunne ha metta mange hundre.

Ingebjørg og Jon-Vegar sa ikkje nei takk til å opne kakegildet og kosa seg saman med bygdefolket. Dei to har vore saman i nesten ti år. Dei spelte først i to forskjellege musikklag, men har dei siste tre åra begge  spela i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, noko som lettar familielivet.

Ingebjørg har spela i Eikanger-Bjørsvik i elleve år, ho har ei lillesøster som spelar der og ei tante og ein onkel. Og ikkje nok med det. Faren og to andre onklar har også spelt der.

–  Eg hadde i grunnen ikkje noko val, ler Ingebjørg, som er glad for å ha fått med seg kjærasten i det same musikklaget.

Har kjøpt småbruk

Jon-Vegar jobbar i Statens vegvesen som sensor innan trafikkopplæring, og Ingebjørg jobbar på Mongstad. Paret har kjøpt seg eit småbruk på Ostereidet, om lag 20 km frå Knarvik. Der skal dei bygge seg hus og kanskje ha høner og villsau. Småbruket ligg ved sjøen, og Jon-Vegar har lyst på båt og å bygge seg eit skikkeleg naust.

Dei to bruker mykje tid på musikken. Det er øving to gonger i veka og elles er det noko som skjer nesten kvar helg. Med det blir likevel tid til fleire hobbyar; mange hobbyar.

–  Eg trur eg har det etter mor mi, eg er litt hobbyfrik, har alltid nye ting på gang, ler Jon-Vegar.

Han spelar golf, og har i tillegg baking og bil som fritidssyslar. I tillegg til fisking.

Jon-Vegar er veldig glad i å fiske i fjellvatn, og tek gjerne turen saman med ein kompis. Om sommaren er det bilferie nedover i Europa som er eit must.  Og så er det alltid kjekt å ta seg ein tur til Kjølsdalen.

Stiller alltid opp

Som barn og ung vaksen spelte Jon-Vegar i Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag.

Leiar i Kjølsdalen skulemusikk, Kristin Lefdal, seier til Fjordabladet at  Jon-Vegar og Ingebjørg er veldig flinke til å stille opp for musikkmiljøet i bygda, ikkje minst for skulemusikken når dei er heime.

– Det er stas for dei unge musikantane når dei er med og spelar. Dei er gode forbilde, seier leiaren. Kjølsdalen skulemusikk tel 22 musikantar og fire aspirantar, og Kristin fortel at dei har god stabilitet i laget. Somme har seg ein pause, men byrjar gjerne på igjen. Og kjekt er det at bygdefolket støttar godt opp om både skulemusikken og Kjølsdalen musikklag.

På kyrkjebakken i Kjølsdalen venta ei overrasking.