Telenor vant anbodet på å bygge ut breiband i dei sju bygdene merka på kartet vest for Nordfjordeid sentrum. I tillegg vil Telenor bygge ut breiband både på Stårheim og Haugen.

Dette har direkte samanheng med at Telenor fekk tilslaget på utbygging av fiber til dei sju grendene Hundvik, Årdal, Tømmerstøl, Lund, Høynes, Ytre Røed, Stårheimsdalen, øvre Remmedalen og Torheim.

Investering i framtida

Økonomisjef Ole Starheim legg ikkje skjul på at dette er gledelege framtidsretta nyheiter og at han no håpar folk i desse bygdene ser på dette som ei investering i framtida og teiknar seg på.

– Det vil komme nærare informasjon til den enkelte husstand i disse områda i løpet av februar 2017. I tillegg ønsker vi å engasjere aktuelle bygdelag.

Det er no toget går for fiberutbygging i disse områda, og han håpar at flest mogleg knyter seg til denne utbygginga.

Etablering for 2-3000 kroner

– Alle som knyt seg til fiber no vil få eit etableringsgebyr på mellom 2000–3000 kroner (med atterhald). I tillegg kan det komme kostnad i samband med graving av grøft frå tomtegrensa og fram til hus, men dette vil variere frå bustad til bustad. Kravet for grøft er ikkje stort, så viss ein er litt nevedyktig kan ein fint grave grøfta med spade sjølv, og spare dei kronene, seier Ole Starheim.

Dårlegast dekning først

– Vi har gått igjennom kartet i Eid kommune og sett på dei områda som har dårlegast breibanddekning. Vi har også området aust for Nordfjordeid sentrum som ikkje er teke med i denne runden. Vi snakkar her om m.a. Rindane, Nes, Leivdalen og Skrede. Her har vi ikkje vore klare til å skrive søknad, seier Starheim.

Frå gammalt av var det ingen andre alternativ enn å gi breiband via telefonlinjene inn til husa, og dei må gå i ei strak linje frå sentralen ut til hus innanfor 3 km.

– Det er ein eigen kategori tilskotsmidlar på område som ligg innanfor tre kilometer frå ADSL sentralane. Den gruppa vi har søkt tilskot til er dei som har mellom 0 og 4 Mbit nedlasting, utanfor trekilometersgrensa. Vi kjem til å søke for områda aust for Nordfjordeid sentrum til våren, seier Starheim.

Eid kommune søkte også på områda Haugen og Eidsbygda, men her har ein allereie kapasitet på mellom 4 og 30 Mbit, og tapte då i forhold til andre område i fylket som er dårlegare stilt enn disse områda.

– Fylkeskommunen seier då at vi berre må prøve igjen i 2017, og at vi rykker stadig fram i køen. Vi kunne også sendt søknad på heile Eid kommune, men det ville blitt så stort at vi ikkje trur det ville nådd fram, difor splitta vi søknadane på område med dekning under og over 4 Mbit nedlasting, seier han.

Vart positivt overraska

– Det som er svært gledeleg er at same dag som Telenor fekk tilslaget så gjekk dei også ut med kommersielt sal av fiberbreiband innanfor 3 kilometersgrensa frå ADSL sentralen både på Haugen og Stårheim. Det betyr at då dekkast plutseleg heile disse områda med fiber. Telenor sel til om lag same rammevilkår som til dei utanfor 3 kilometersgrensa som dei har fått tilskotskontrakt på. Alle vil få det same breibandtilbodet, forklarer han.

Sidan Telenor fekk oppdraget, så vil dei mest sannsynleg bruke dei eksisterande ADSL sentralane, fordi dei allereie har fiber innlagt. Dei vil då strekke fiberkablane i luftlinje opp på telefonstolpane som koparlinja er på i dag.

– For om lag 3000 kroner i etableringsgebyr er det så billeg at Eid kommune ikkje har nokon mulegheit for å gjere det billegare, legg han til.

Eid kommune har fått tilskot til breibandsutbygging på 950.000 kroner. Dei vil halde fram med å søke på tilskot til heile Eid kommune har fått fiberbreiband. Til våren søkes det for område aust for sentrum.

Telenor hadde det lågaste tilbodet på 1.250.000 eks mva., i forhold til dei to andre tilbydarane. Enivest og eit anna selskap som ikkje var kvalifisert. Eid kommune har fått tilskot på 950.000 kroner frå det nasjonale fondet til utbygging av breiband i distrikta. Desse pengane skulle utgjere 50 prosent av tilbodet, men er altså 300.000 kroner over.

– Telenor har gått ned i pris i forhold til den kalkulerte summen på breibandutbygginga, og vann difor anbodet. No må vi forhandle med Fylkeskommunen om vi får behalde heile tilskotet, sjølv om det er over 50 prosent av heile summen, svarar Starheim.

Då kan ein sleppe unna med å betale berre 300.000 kroner i tillegg frå Eid kommune for å få breiband til dei sju grendene som inngår i prosjektet.

Toget går no

Starheim håpar folk no kjenner sin besøkelsestid og knyt seg til breiband med fiber. Det er no utbygginga skjer.

– Folk vil sikkert kunne kople seg på ved seinare høve, men då kan det hende at det blir dyrare, fordi ein må sette heile apparatet i sving ein gong til. Eg håpar husstandane tenker litt lenger fram i tid, og at dette er ei investering, på lik linje med andre ting ein må ha i eit hus. Eg trur det vil vere betre å ha fiber i huset enn å ikkje ha det. Kanskje kan ein bu lenger heime i husa sine og gjere seg nytte av framtidig velferdsteknologi. Utviklinga går fort, og det gjeld å henge seg mest muleg på, trur eg.

Telenor legg opp eit løp, og det er Eltel Network som får sjølve utbygginga. Dei koplar opp i husa, og monterer router og gjer alt komplett ferdig.

Breiband før november 2017

Ifølge framdriftsplanen vil avtalen med Telenor underskrivast i byrjinga av januar. Hovudtyngda av utbygginga vil skje sommar og haust 2017. Ferdigstilling av breiband og igangsetting vil seinast skje innan 1. november 2017.

– Om nokon ikkje har fått teikna seg på salsrunden frå Telenor, så vil vi ta opp dette med Telenor om korleis enn gjer det, om til dømes bygdelaga går ut med informasjon til alle i bygdene og kontaktperson hos Telenor. Viss nokon som ikkje har fått spørsmål frå Telenor og som ønsker breiband kommersielt utbygd så vil dei då bli kontakta. Haugen og Dalen bygdelag prøver også å få Telenor til å selje vidare opp i Hjelmelandsdalen, forklarer Starheim.

Økonomisjef Ole Starheim i Eid kommune håpar folk i desse bygdene som får tilbod om breiband gjennom fiber ser på det som ei investering. Han er ikkje i tvil om at fiber i hus er betre enn utan på lang sikt. Foto: Anita Ingebrigtsen