I tillegg til eit besøk i vikingleiren på Nordøyrane bak Esso, er det mykje som går føre seg i gatene og handelssenteret no under messedagane.

Du kan mellom anna ta turen innom hallen ved Sagaparken for å sjå på bygging av vikingskip, ta deg ei runde med karusell på tivoli i Øyane, eller rusle rundt og sjå og oppleve kulturelle innslag, handle eller få deg ein matbit.