– Det er blitt sagt at Bryggja skule ikkje er det grunngjevande utslaget for å søkje seg vekk. Men gjentekne gongar vert dette drege fram, seinast denne veka. Eg håpar at ein tenkjer på meir enn berre barneskulen, men også dei andre tenestetilboda ein har, seier Maurstad.

Maurstad gjentek også det Yngve Flo poengterer at Vågsøy, Eid, Selje med Vanylven ville vore den ideelle kommunen, dette også noko ho sjølv ønska, men at Eid valde å bryte ut av desse forhandlingane.

– Eg fekk vite at Kinn kommune ikkje skulle vere tema på dette folkemøtet. Eg foreslo at ordføraren i Flora kunne komme og delta, men dette var avvist med den grunngjevinga at dette var ei sak mellom Eid, Vågsøy og Selje, poengterer ho

Økonomisk motivert

– Eg vil minne om at det å slå seg i lag med Flora, så vil Vågsøy allereie i 2017 ein betydeleg sum overført av midlane i kommunereforma. I 2018 får vi i overkant av fem millionar ekstra som følger av samanslåingsvedtaket. Desse vil vi få i 15 år framover. I tillegg kjem eit eingongstilskot på 40 millionar. Dette vil bety vesentleg for dei kommunale tenestene framover. Det blir fleire eldre i eldre omsorga, og vi er heilt avhengige av å styrke økonomien for å tilby dei tenestene vi har.

Heksejakt?

– Er dette ei heksejakt på deg som ordførar og politikar?

– Eg stilte i går på folkemøtet som ordførar. Eg bur i bygda, er mor og har ungar i skulen her. Eg held meg til dei vedtak som er gjort i kommunestyret, og det må eg stå for. Så må eg sjølvsagt forvente at det blir reaksjonar på at ein kuttar i skulebudsjettet. Men eg må presisere at det endelege vedtaket om nedlegging av skulen ikkje har skjedd, men at vi har kutta i budsjettet tilsvarande å legge ned skulen, men når økonomien no har betra seg er dette sjølvsagt noko vi må ta med i vurderinga når vi skal gjere vedtak i kommunedelplan skule. At der er misnøye med politiske vedtak i ei bygd må ein for så vidt rekne med, når det påverkar tenestetilbod. Men eg skal vere ærleg på at det merkast kanskje litt ekstra når det er eiga bygd det handlar om, seier Kristin Maurstad.

– Eg kjem til å vere ordfrørar fram til ei eventuell grensejustering, og så må eg ta ei vurdering på om eg vil halde fram som politikar etter det.