Omlag 150 peronar med stort og smått kom til den sosiale delen, der Eid kommune serverte grilling, og hadde fått fleire aktivitetar som barna kunne vere med på. Mellom anna var sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule tilstades med jonglering og med ballongfigurar til dei minste. Eid frivilligsentral hadde ein el-sykkel som vart veldig populær å prøve.

– Dette var eit kjekt opplegg. Eg såg det var mange barnefamiliar som kom, fleire tilflyttarar som ga gode innspel til oss. Det synest eg er veldig positivt. Dei kan komme med innspel, og sjå samfunnet vårt med nye auge, og det er eit verdifullt bidrag. Eidasamfunnet er og skal vere for alle, seier Kristine Dahl som leia samlinga i Eidahallen torsdag ettermiddag.

Fekk mange gode innspel

I den meir faglige delen, var det omlag eit 30 tals personar som representerte idrettslag, frivillige organisasjonar, 4H og andre som holdt innspel. Innspela skal handsamast av Eid kommune.

Dette skriv Eid kommune om møtet på sine heimesider:

– Vi treng di meining når vi byggjer framtida. Eid kommune er i gang med ein ny utviklingsplan for kommunen – der mål, strategiar og tiltak for idrett og friluftsliv skal inn. Vi ønskjer å leggje tilrette for ei utvikling som gjev innbyggjarane, små og store, dei beste tilhøva for ei aktiv fritid og ein aktiv kvardag i Eid. For å sikre ein god plan og gode løysningar treng vi verdifulle innspel frå deg på kva du meiner er bra og kva du vi ha annleis. Torsdag 4. mai inviterer vi derfor deg og resten av Eid til ei felles samling i Eidahallen der #aktiveeid er tema.

Les meir i Fjordabladet på tysdag.