Namnenemnda har tilrådd at den nye Eid-Selje kommune skal heite Selja, men ingen av dei tre utvala i Eid som til no har handsama namnesaka ønskjer dette som namn på den nye kommunen.

Namnet Selja fekk også minst tilslutnad av dei tre utvalde namna, Eid, Selja og Stadt i samband med spørjeundersøkinga.

Formannskapet i Eid har saka på saklista i dag, og kommunestyra i dei to kommunane skal gjere endeleg vedtak 22. juni.

Eid kommune

Eid ungdomsråd meiner at den nye kommunen bør heite Eid kommune. Dette fordi Nordfjordeid er kommunesenter og har flest innbyggarar. "Eid inviterer" er ein god og kjend profil, og Eid kommune har eit rikt næringsliv.

Eid ungdomsråd har følgjande kommentar til val av medlemmer i namnenemnda: Ein av medlemmene i namnenemnda skreiv ein artikkel i Fjordabladet tidleg i prosessen. Han fronta då at namnet Selja burde brukast på den nye kommunen. Eid ungdomsråd meiner det er uheldig at vedkomande er medlem av nemnda.

Eldrerådet vil ha Stad kommune

Eid Eldreråd tykkjer at når det blir  gjennomført ei spørjeundersøking må det takast omsyn til det svaret ein får.

Eldrerådet i Eid går samrøystes inn for Stad som namn på ny kommune.

Eldrerådet meiner at når to kommunar går ilag bør det ikkje brukast eksisterande kommunenamn, men finne eit nytt namn. Stad er eit kjent landemerke som alle veit kvar er.

Eid eller Stad

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne tilrår at namnet på den nye kommunen blir: Eid kommune. Alternativ er Stad kommune.

Bakgrunn

Kommunestyra i Selje og Eid oppnemnde ei namnenemnd som fekk i oppgåve å fremje framlegg om kommunenamn på den nye kommunen Selje og Eid, til behandling i kommunestyra den 22. juni 2017. Rådmannen har lagt saka fram for dei politiske råd og utval med namnenemnda sitt framlegg til tilråding: Ut i frå ei samla vurdering og fagleg skjønn, tilrår namnenemnda Selja kommune som namn på den nye kommunen Selje og Eid. Hovudgrunnen er dei overlag rike førestillingane om tradisjon, kultur og historie som namnet Selja vekkjer. Selja var ein nasjonal heilagstad og sentrum for Sunnivakultusen. Selja vart sete for den fyrste bispestolen på Vestlandet, og her blei benediktinarklosteret reist. Selja vart ein kulturell midtstad og eit mål for langfarande pilegrimar. På Dragseidet kristna Olav Tryggvason folket i fire fylke, og i prestegarden inst i Seljevågen trødde diktarbrørne Claus og Peder Frimann barneskorne sine. Namnet Selja har difor – reint kulturhistorisk – den høgste status og prestisje av alle stadnamn i Nordfjord. For folket i Selje og Eid ville Selja bli eit nytt - eller «gammaltnytt» - namn som kunne få allmenn tilslutnad og aksept. Selja vil bli opplevd som både samlande, sameinande, tradisjonsberande og identitetsskapande. Det vakre Selja-namnet har venta i 500 år på å få eit nytt liv. Lat oss ta det i bruk no.

Namnenemnda

Eid kommunestyre oppnemnde Eli Førde Aarskog, Kjell Nøstdal og Steinar Furnes med varamedlemmene Berge Bjørkedal og Sissel Ommedal til å sitje i felles namnenemnd med Selje.

Selje kommunestyre oppnemnde Anders Rundereim, Gerd Kjellaug Berge og Åge Lundebrekke.

Nemnda fekk oppdrag å fremje forslag til namn og kommunevåpen (heraldikk) til den nye kommunen.

Kommunestyra vedtok også at prosessen skulle sikre god innbyggjarinvolvering.

Innbyggjarinvolveringa har vore slik:

· Skjema for innspel både på namn og heraldikk har vore annonsert både i lokalavisene og på heimesidene til dei 2 kommunane.

· Ungdomsskulane i dei 2 kommunane har hatt besøk og fått orientering om prosessen og oppmoda å komme med innspel.

· Pensjonistlaga har fått orientering pr. telefon og bedt om å kome med innspel.

· Telefonundersøking med uvalde namn frå møte i namnenemnda 24. mai.

Innspelsrunden på namn resulterte i 113 innspel frå dei 2 kommunane. I tillegg kom det samla innspel frå ungdomsskulen i Selje.

I møte den 24. mai 2017 møte vedtok namnenemnda at følgjande namn skulle gå vidare til planlagd telefonundersøking: Selja, Eid og Stadt.

I veke 22 vart det gjennomført telefonundersøking. 500 innbyggjarar vart oppringt av firmaet Sentio research som gjennomførte undersøkinga. 300 frå Eid kommune og 200 frå Selje kommune vart ringt opp.

Resultatet vart at 34% ville ha Eid som kommunenamn, 31% ville ha Stadt og 25 % ville ha Selja som namn på den nye kommunen. Resten ville ikkje ha nokon av namna eller hadde inga meining.

I Eid kommune var det eit fleirtal som ville ha Eid som kommunenamn. På Stadlandet ville dei aller fleste ha Stadt som kommunenamn, medan dei frå Selje og Flatraket ville ha Selja.

I møte den 6. juni 2017 kom namnenemnda med si tilråding om namnet Selja etter ei samla vurdering og fagleg skjønn.

Innkomne namneforslag under innspelrunden:

Nordkyst

Stadt

Stad

Myklagård

Fjordland

Vestkapp

Dragseid

Seid

Seljeid

Sunniva

Eid

Vestfjord

Maurstad

Bryggja

Fjordane

Nordre Fjordane

Selje

Selja

Eidsel

Nordfjord

Saga

Eidstadt

Stadteid

Stadt herad

Fjord

Fjordingen

Vikingfjord

Havfjord

St. Sunniva

Kystfjord

Holmøy

Stadfjord

Stadtfjord

Mannseid (et)

Eid-Selje

Fjorden

Ytre Nordfjord

Sagafjord

Fjordstad(t)

Sagastad

Seljeeid

Seljeid

SeljeEid

Selje og Eid

Kyst

Vestfjord

Nordsida

Nordre Nordfjord

Leikong

Sol

Storm

Idyll

Natur