Ein bilførar kom køyrande i ferjekø og måtte vente på raudt lys ved Skipenesbrua, før han stod det tre andre bilistar. Bak kom eit vogntog som ikkje klarte å stogge i tide, og måtte legge seg ut i venstre køyrefil for å komme forbi. Bilisten opplevde det svært uhyggeleg, og undra seg på kva som ville skjedd om det hadde vore glatt, og dårleg sikt den dagen.

Fjordabladet har vore i kontakt med lensmann Tormod Hvattum som ikkje har fått inn nokon meldingar om farlege situasjonar på lensmannskontoret.

– Eg vil ikkje seie noko personleg før eg har køyrd vegen ein gong til, seier lensmann Tormod Hvattum, som berre har køyrd der ein gong sidan skilta kom opp.

Uheldig situasjon

– Det er uheldig at slikt oppstår. Vi må sjå på om vi må gjere nokon endringar. Vi har ikkje fått førespurnader på dette. Det er eg som har bestilt arbeidsvarslingsplanen, men det er skiltmyndigheiten som avgjer korleis dette skal settast opp, seier byggherre Vidar Solheim i Statens vegvesen på Nordfjordeid.

Daniel Nordstrand i plan og forvaltningsseksjon i Førde seier han har godkjent arbeidsvarlingsplanen for Skipenes bru, men viste vidare til sin leiar Vigdis Lovens.

– Eg er ein liten brikke i dette, for denne saka har fleire sider, seier Nordstrand.

– Vi må sjå på saka, så vil vi komme med ei tilbakemelding så snart vi har fått undersøkt dette, seier Vigdis Lovens, seksjonsleiar i bygg og forvaltning i Førde.

Fokus på friksjon

Vidar Solheim seier at E39 skal vere berrveg, og at ein alltid skal ha god friksjon på denne.

– Vi har ekstra fokus på dette for å sikre god friksjon når det er fare for glatt vegbane, forklarer han.

Årsaka til at brua er lysregulert er dårleg rekkverk med lause stolpar. Ifølge prosjektleiar Jorunn Hillestad Sekse i Statens vegvesen vil ein setje i gang mellombels løysing der ein reparerer rekkverket, og så sjå på ei permanent løysing på sikt til beste for både bilistar og gåande.

Godt nok skilta? Ca 400 meter før Skipenes bru er det sett opp skilt for kødannelse. Ca 300 meter før er det nedsett fartsgrense til 50 km/t. Vegarbeidskilt og lysreguleringskilt er også der. Foto: Anita Ingebrigtsen
Ser ikkje trafikklyset: Bilistar som kjem frå Lote, ser ikkje lysreguleringa før tett på. Foto: Anita Ingebrigtsen
Det er sett opp skilt med 50 sone over Skipenesbru, og lysregulering som skal vare mellombels inntil ny permanent løysing er funne og midlar sett av. Foto: Anita Ingebrigtsen