Ingen vart skadd, og huseigaren klarte sjølv å sløkke brannen før brannvernet kom til staden.

kom inn ei melding om husbrann på Lotsberg rundt klokka 21.00 laurdag kveld. Alle naudetatane rykka ut til staden, men då brannvesenet kom til staden hadde huseigaren sløkt brannen med pulverapparat.

Politibetjenten frå Eid lensmannskontor, Stian, fortalde dei var i Måløy då dei fekk meldinga.

– På tur til Lotsberg fekk vi melding om at brannen var sløkt. Det var snakk om at det kunne ha vore lynnedslag i ein teleboks. Vi ser at telekabelen har fått gjennomgå på fleire stadar i huset. Huseigar har teke ein runde rundt i huset og sløkt brannen på fleire punkter i samband med telekabelen. Så då brannvesenet kom først til staden var det ikkje brann lenger, forklarer politibetjenten.

Skal til lege for kontroll

Huseigaren vart undersøkt av ambulansepersonell, og skal ikkje ha fått skadar som følge av brannen. Han har pusta inn litt frå brannsløkkingsapparatet og skal ta kontakt med lege sjølv.