For seks år sidan gjekk Skrede frå stillinga som dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord, til stillinga som dagleg leiar i  Cruise Europe. Det er eit marknads- og nettverkselskap for om lag 120 cruisehamner i Europa, frå Lisboa i sør til Nordkapp i nord. Han meiner ein bør satse på andre miljøtiltak enn landstraum.

– Det er flott at Eid kommune ser på miljøtiltak for cruisetrafikken, men å utgreie landstraum er å byrje i feil ende. All erfaring viser at landstraum både er dyrt og har avgrensa miljøeffekt, seier Skrede.

Utgreidd og vraka

Etablering av landstraum for cruiseskip byrja for rundt 15 år sidan i Alaska og California i USA.

– Der vart det innført lovgjeving som gjorde det lønnsamt. Per i dag er det berre der det blir satsa på landstraum. Alle andre har gått vekk frå landstraum, fordi det er for dyrt og gjev avgrensa miljøeffekt per krone, seier Skrede.

Han viser til at det kun er éi av dei 120 hamnene Cruise Europe jobbar med i Europa som har landstraum, den eldste cruiseterminalen (Altona) i Hamburg.

– Store hamner som Southampton, København og Oslo har utgreidd landstraum, men har konkludert med at det ikkje er verd å investere i, seier Skrede.

– Ikkje salbart

Skrede viser til at det i dag går rundt 100 cruiseskip i Europa, og at dei fleste av desse ikkje er tilrettelagt for påkopling av landstraum.

– Faktisk er det berre rundt 10 prosent av dei cruiseskipa som seglar i dei norske fjordane som i det heile har mulegheit til å legge til rette for påkopling av landstraum. Dersom ein satsar på landstraum på Nordfjordeid, vil ein altså investere i eit produkt som kundane (cruiseselskapa) ikkje har mulegheit til å kjøpe. Det kan umuleg vere særleg smart å bruke titals millionar kroner på eit produkt som ikkje er salbart, meiner Skrede.

Naturgass og eksosreinsing

Han viser til at eit cruiseskip ligg til kai maksimalt 25 prosent av tida.

– Den resterande tida av eit cruise er skipa ikkje til kai, og då har sjølvsagt landstraum ingen miljøeffekt. I tillegg tar det tid å kople landstraum til skipa, og dermed blir miljøgevinsten endå mindre, seier Skrede, som også viser til at det kostar mykje pengar å etablere landstraum på ei cruisekai.

– Ein reknar ein gjennomsnittspris på ti millionar Euro, altså rundt 95 millionar kroner, seier Skrede, som understrekar at han absolutt er tilhengar av miljøtiltak for cruisetrafikken.

– Det er flott å ha miljøambisjonar, men dei siste fire-fem åra er det andre tiltak det blir satsa på i bransjen. No blir det jobba mest med å ta i bruk LNG (flytande naturgass) som drivstoff for fartøy, i tillegg til eksosreinsing. Det er dette som er framtida, og derfor meiner eg at ein bør satse tilsvarande i Eid, seier Jens Christian Skrede.

Positiv til seawalk

Han er usamd med dei som meiner at det vil vere teknisk vanskeleg å få etablert landstraum på ein seawalk på Nordfjordeid.

– Det er ikkje noko problem å få det til reint teknisk, men her er det snakk om å prioritere riktig. Ein bør heller vurdere om det vil la seg gjere å levere LNG med tankbilar på seawalken, seier Skrede.

Han understrekar at han ikkje er motstandar av seawalk-prosjektet på Nordfjordeid, snarare tvert imot.

– Prosjektet verkar fornuftig. Eg trur det vil styrke Nordfjord totalt sett. Nordfjord er den einaste av dei store turistfjordane på Vestlandet som berre har ei etablert cruisehamn, altså i Olden. Der skjer det relativt lite i forhold til utvikling, og ein treng alternativ. Når infrastrukturen for seawalk er til ein fornuftig pris, meiner eg det er eit framtidsretta prosjekt, seier Jens Christian Skrede.