Bygda har siste åra opplevd at fleire unge par har flytta heim, eller at tilflyttarar utan familiær tilknyting har likt seg så godt at dei blir verande. At nokon går tur med barnevogn er ikkje lenger eit sjeldan syn i bygda.

– Då vi fekk eldstemann for 11 år sidan var det ikkje så mange barn, her, og i alle fall ikkje barnevogner. No er det fleire, smiler Jorun Iren Hjelle, som for seks månadar sidan vart firebarnsmor. I landet fødast det 1,7 barn per kvinne. I Kjølsdalen er det derimot ikkje uvanleg med både tre eller fire barn, får vi vite.

Barnehagen i bygda merkar også det aukande barnetalet, og har no søkt om å få auke tal plassar. Og bygdefolket i krinsen ønskjer å få plass til dei fleste i barnehagen i bygda.

Måtte heim

Idar Hatlegjerde er ein av dei som har flytta heim, etter å ha budd i Steinkjer.

– Plutseleg måtte eg heim. Lengselen vart for stor, smiler han. Familien på tre har nettopp flytta inn i nytt hus i Kjølsdalen. Dei har søkt om barnehageplass til Vilde på ni månadsart, og er spente på om ho får plass.

– Alternativet er barnehage inn på Eid eller Stårheim, men vi vil sjølvsagt helst ha ho her i heimbygda, seier han, som startar i ny jobb på Biltema til sommaren.

Også Kjell-Rune Ytrehus og Silja Jasmin Egeland er tilflyttarar. Dei har budd i Kjølsdalen i eitt år, og er på jakt etter eit gardsbruk – noko som ikkje er lett.

– Vi vil bu her i bygda. Vi har nettopp fått barnehageplass, og for oss var det viktig å få det her i bygda, seier dei.

Simona og Kestutis kom flyttande frå Litauen og har kjøpt hus.

– Simona jobbar på skulen, og vi har kome for å bli. Det er ein fin plass og fine folk, og vi likar oss her, seier dei.

Generasjonsskifte

– Vi ser at det no er eit generasjonsskifte i Kjølsdalen, der folk flyttar heim til gardar og ledige tomter, seier Øystein Leite.

Dei viser til at bygda har et godt fritidstilbod. Her er både handball, oppegåande idrettslag, barnegruppe og 4H, bygdekino og musikklag.

– Og så er det ikkje tvil om at Kjølsdalen er ei perle. Det er her vi vil vere, og med fleire barn er det lettare å vere sosial saman, fastslår dei.

Øystein Leite og Jorun Iren Hjelle har storfamilie med Daniel (11), Ingrid (7), Elise (4) og i vogna Mathilde (6 mnd).
Rita Leite og Víðir Reyr Björgvinsson ventar felles barn i april.
Idar Hatlegjerde og Liv-Olene Lode flytte heim til Kjølsdalen frå Steinkjer. Dei har dottera Vilde (9 mnd.) saman.
– Vi har kome her for å bli, seier familien som flytta frå Litauen til Kjølsdalen. Pappa Kestutis Augulis og Simona Auguliene med borna Denas og Leja. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Kristian Myklebust frå Bryggja og Björk Gudmundsdottir frå Island har valt å busette seg i Kjølsdalen, her med borna Katrin (2) og Aron (4 mnd).
Kjell-Rune Ytrehus og Silje Jasmin Egeland med sonen Kristoffer Andre (10 mnd) jaktar etter gardsbruk i Kjølsdalen.