Ungdomsrådet går inn for det same forslaget som kommunedirektøren har kome med. Der heiter det mellom anna at Klenkarberget Sommarcamp pliktar å gjennomføre arrangementet fire veker etter skuleslutt så lenge samarbeidsavtala gjeld.

– Stad kommune dekkjer driftsstøtte til sommarcampen med 90.000 kroner.

– Stad kommune gir sommarcampen lønnskompensasjon for forsterka bemanning med 40.000 kroner.

– Stad kommune stiller med støttekontaktar for born som har behov for særskild oppfølging og tilrettelegging. Sommarcampen skal integrere desse borna og støttekontaktane i gruppene. Tilsetjingsavtale med Stad kommune for kvart tilfelle.

– Stad kommune dekkjer deltakaravgift for deltakande born frå Stad kommune med 700 kroner pr born pr. veke.

– Maksimal driftsstønad til rimelegare foreldrebetaling vert sett til 112.000 kroner for 2024.

– Sommarcampen står fritt til å setje foreldrebetaling ut frå ei samla vurdering av tilbod og økonomi.

– Begge partar kan seie opp avtala innan 1. juni i inneverande år som arrangementet skal gjennomførast.

Saka skal handsamst av dei andre kommunale utvala denne veka.