Eid Musikklag sette takta, og opna med reveljen og tappenstreken under opninga i Gamlebanken. Operasongar Helga Botn song Summertime, akkompagnert av Øyvind Botn, noko dei mange frammøtte sette pris på medan regnet plaska ned ute.

Nærleiken til havet

Operavekene vart opna av ordførar Alfred Bjørlo. Han viste til nærleiken til havet, og trekte parallellar til at ein no slår seg saman med Selje kommune og blir Stad kommune.

– I år løftar Opera Nordfjord fram ein viktig del av kysthistoria med operaen Sildagapet. Historia om havet, om fiskeria, om folk på kysten, og gjer historia levande og udødeleg på den måten berre kunst og kultur kan, sa Bjørlo.

Inn i framtida

– Årets opera og historia om «havets sølv» peikar ikkje berre bakover i historia, men like mykje inn i framtida. No vender vi oss mot vest, mot havet – også her inne i fjorden. Seksti år etter dei store sildeåra, som heile Nordfjord tok del i. Tretti år etter at gamle «Nordfjord 1» slutta å trafikkere kaia på Eid, og landevegen tok over. No kjem havet og båtane attende. Med Sagastad og det sagnomsuste Myklebustskipet som no gjenoppstår etter 1.000 år. Med ny cruisehamn der store skip no på nytt skal legge til der dei gamle rutebåtane gjorde det. Med ny kommune vendt mot kysten og havet – ja, attpåtil vertskommune for verdas første skipstunnel. Bygd for å gjere livet tryggare for etterkomarane etter dei fiskarane som på 1950-talet risikerte livet for å hauste av havets sølv – og som no har fått evig liv i ein opera, sa ordføraren.

Glad i kysten

Han viste til at årets operautstilling med Inger Johanne Hakstad har motiv frå Vestlandet, frå kysten og havet, frå ein kunstnar som er vand med å segle og har kryssa Stadhavet mange gongar.

– Eg er veldig glad i kysten. Mannen min og eg har seglbåt som vi bur i saman med bikkja, fortel Hakstad, som set pris på å vere årets operakunstnar.

– Eg hentar inspirasjon frå livet generelt, fortel ho. Opera står henne nær.

– Operamusikken er eg svært glad i. Den har vore ein del av livet mitt alltid, fortel ho, som gleda seg til å oppleve urpremieren av Sildagapet.

Årets operakunstnar Inger Johannse Hakstad vert inspirert av livet. Her er ho saman med ordførar Alfred Bjørlo som stod for opninga av operavekene og operautstillinga.
Eid Musikklag var på plass på opninga, og skapte militær stemning med Reveljen og Tappenstreken.