Ferjene Gloppefjord og Eidsfjord er bygde på tyrkiske Tersan Shipyard i byen Yalova. I skrivande stund er begge ferjene i havet utanfor Hellas, på veg mot Gibraltar der dei skal bunkre drivstoff for den vidare turen til Nordfjord.

Med denne linken kan du følgje ferjene:

– I dag ligg MF Gloppefjord godt og vel eit døgn framfor MF Eidsfjord. Men så langt har ikkje turen vore heilt utan utfordringar. På grunn av dårleg vêr måtte MF Gloppefjord, som var den første av ferjene som gjekk frå verftet, søke ly mellom dei greske øyer. Vêret som vi ikkje kan styre vil vere avgjerande for når dei to ferjene er framme i Nordfjord, seier Christine Hammersvik, operativ leiar for Fjord1 sine ferjer i Nordfjord.

15 dagar på turen

–Kor mange dagar bruker ferjene under optimale vêrforhold på turen frå verftet i Yalova og til Nordfjord?

–Erfaringar med andre ferjer som har gått den same ruta, som MF Losna (Bygd ved ADA Shipyard i Tyrkia i 2016, for ruta Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn. red. merk.), så tek turen rundt 15 dagar.

– I dag skriv vi 13. desember, er ikkje tida i ferd med å springe frå oss?

– Som sagt så held vi oss til planen om at ferjene skal vere i drift frå årsskiftet, seier Hammersvik.

Testing og opplæring

– Ein side ved saka er den lange turen frå Tyrkia til Nordfjord, men ferjene skal vel også gjennom program med testing før dei vert sette i ordinær drift?

–Sjølv om mesteparten av testinga har blitt gjort før ferjene kjem til Nordfjord, så skal vi teste dei opp mot installasjonane på land. Vi har også ein god del folk som har vore med på testane ved verftet, så det skal vere tatt godt i vare, seier Christine Hammersvik som legg til at det blir ein del endringar når det gjeld billettbetaling frå årsskiftet.

Betaling på Anda-Lote

–Frå 1. januar 2018 kan alle passasjerar og gåande kan reise gratis frå 1. januar 2018. Årsaka til dette er at det skal innførast Autopass-betaling med brikke. Inntil alle avtalar er på plass gjeld følgjande betalingsmåtar: kontant, bankkort, kredittkort, verdikort og storbrukarkort for firmakundar. Fjord1 og Statens vegvesen vil informere alle brukarar i god tid før Autopass-brikkebetaling startar opp. Det vil vi gjere via lokale aviser, oppslag på ferjene og på Fjord1 si heimeside.

– Kva er årsaka til at ein ikkje startar med Autopass med ein gong?

– Installasjonane på land er klare, men Statens vegvesen har ikkje fått landa avtalen med dei som skal ta imot data frå anlegget på land. Det er den direkte grunnen. Vi reknar med å kunne starte opp med Autopass når vi skriv april, seier Christine Hammersvik til Fjordabladet.

Autopass-brikke

Autopass-brikkene er dei same som blir brukt på bompengeanlegg på veg, som til dømes Førdepakken. Det blir ikkje eigne Autopass-brikker for ferje. Autopass-avtale og brikke kan teiknast hos eit bompengeselskap. Fjord1 utstedar ikkje Autopass-brikke, opplyser Fjord1 på sine heimesider.