Det var ei gruppe på 33 engelske turistar som tok turen frå Kalvåg til Ålfoten på ein guida busstur. Ein tur som tok bortimot ein og ein halv time. Turistane kom frå cruiseskipet Saga Pearl 2 som ankra opp i Kalvåg og låg der heile dagen.

Tidleg start på cruisesesongen

Besøket av Saga Pearl 2 markerer ein uvanleg tidleg start på cruisesesongen på våre kantar. Litt spektakulært må det og seiast å vere at det var Kalvåg som fekk æra av å opne sesongen. For øvrig første gongen Kalvåg har cruiseanløp.

Vestlandet har mange velkjende turistdestinasjonar som i toppsesongen nærast druknar i turistar, og gjev dei besøkande ei heller upersonleg masseoppleving.

Denne gongen var det meir jomfruelege destinasjonar som var målet for cruiseskipet, og å komme meir i nærkontakt med både folk og natur. Dette synast turistane å ha opplevd i fullt mon.

Sveler og heimelaga kringle

– Dei av cruisepassasjerane som valde å bruke dagen i Kalvåg, kunne nyte sveler med brunost og syltetøy med kaffi attåt i ein privat heim, medan dei som valde Hjortegarden i Ålfoten, kunne kose seg med heimelaga kringle, kaffi og te, kan Sonja Førde opplyse.

På begge stader var det berre vellæte å høyre frå britane. Dei har vel heller aldri opplevd maken og aldri før kome norsk natur og folk så nær inn på livet. Det viser også at vi har meir å by turistane enn Olden og Flom.

Besøket i Ålfoten og bussturen langs fjorden gav turistane ei meir autentisk oppleving enn den dei får frå salongen når cruiseskipa fer inn og ut Nordfjorden.

Hjortegarden er attraktiv

På kort tid har dei greidd å markere seg i reiselivssamanheng. Sonja Førde fortel at ho orienterte om den unike historia til Hjortegarden og korleis dei ser ut til å lukkast godt med å satse på hjort i staden for ku som husdyr.

Britane fekk i tillegg mate hjortane, og kunne såleis oppleve det urnorske dyret på nært hald, noko dei gav uttrykk for var ei svært spektakulær oppleving.

− Fleire meinte det var den beste opplevinga dei hadde hatt på reiseruta, seier ei stornøgd Sonja Førde.

UNIK OPPLEVING: Britane nyt gjestfriheita på Hjortegarden i fulle drag. FOTO: PRIVAT Foto: Privat