Det er ikkje berre Fjellvettreglane som burde puggast før ein legg ut på påskefjellet, minner Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) om i ei pressemelding.

Det er til dømes ikkje lurt å gjere avtalar som er avhengige av at telefonen eller smartklokka di fungerer eller har dekning.

– På fjellet kan mobiltelefonen gå tom for straum raskare enn du er van til på grunn av kulde. Sjølv om mobildekninga er god mange stader, er det framleis somme stader som er utan dekning, seier Inger Vollstad, seksjonssjef i Nkom.

Ho råder turgåarar til å ikkje stole blindt på kart og appar på telefonen, men å ta med kompass og papirkart i ein vasstett pose.

– Heldigvis er det slik at ein kan ringe 112 sjølv om berre eit mobilselskap har dekning der du er. Vi anbefaler at ein familie har mobilabonnement frå ulike leverandørar, og gjerne ulike typar telefonar. Då er ein endå tryggare om uhellet skulle vere ute, seier seksjonssjefen.

Fem mobilvett-reglar til påskefjellet

1. Ikkje stol blindt på mobilen og hald han varm. Det er ikkje alle stader det er dekning og batteriet likar ikkje kulde.

2. Vit at ikkje alle smartklokker fortel naudetatane like nøyaktig kvar du held til som det ein smarttelefon gjer.

3. Hugs at du kan ringe naudnummer 112 sjølv om du manglar mobildekning frå ditt mobilselskap, manglar eller har eit øydelagd SIM-kort, eller ikkje har pengar på kontantkortet. Det føreset likevel at det finst mobildekning frå minst eitt mobilselskap der du held til.

4. «Dumme» telefonar vil ikkje kunne vise naudetatane eksakt kvar du held til dersom du ringjer eit naudnummer.

5. Skal du på lengre tur? Ta med satellittelefon, GPS-einingar, skredsøkjar og anna eigna utstyr.

(Kjelde: Nkom)

(©NPK)