Sjå bildeserie, ved å klikke på pila til høgre.

Større uteplass

Shwana Raoof ved Pizzahouse er i full gang med å bygge litt større uteplass både framfor og bak kafeen.

– Eg bygger alt sjølv, og håpar alt skal vere ferdig til neste helg. Her framme blir det fire nye bord, og kanskje tre på baksida. Det blir fint for foreldre som kan sitte her og kose seg medan ungane leikar i klatreparken, seier Raoof.

Berre litt kaldt i sjøen

Også nede i Sagaparken er det strandlivet som rår i dag. Med ca. 25 grader i skuggen, og «berre litt kaldt i sjøen», var det fleire som våga seg ut i nordfjorden for å bade.

– Det er berre litt kaldt, seier Amalie som plaskar rundt på ein stor oppblåsbar ispinne.

Nora og Gjertrud seier dei gjerne skulle bada, for dei synest det ser herleg ut.

Følast som om sommaren er kommen

Både Andrine Mårstad og Frida Holmgren nyt sola i Sagaparken. Dei synest det er blitt veldig fint i Sagaparken.

– Det er veldig fint her, og har gjort det lettare å vere ute. I Osvika er det blitt så overgrodd no. Det følast ut som om sommaren no er kommen. Vi hadde tenkt å bade etterpå, og veit ikkje kor kaldt det er enno. Trur det er 22 grader kanskje i lufta, seier Andrine.

På benken sit Hanne Liland, og Ida Skålbones. Dei synest det er fantastisk å vere i Sagaparken.

– Det er kjekt for ungane å vere her. Og så er det fint for oss foreldre å slappe av medan ungane leikar og kosar seg. Og så slepp eg å sjå på alt heime som skulle vore gjort, seier Hanne Liland.

Matheo og Jenny er her med tanta, og synest det er veldig kjekt å leike i Sagaparken.