Kringom ønskjer å tilby eit rutetilbod som er så likt som mogleg det ordinære tilbodet før vegstenginga, slik at dei som er i området skal bli minst mogleg råka av endringane. Firda Billag har i samarbeid med Kringom gjort ein del justeringar for å klare dette, og samstundes oppretthalde så mange korrespondansar som mogleg.

Under Trafikkmeldingar på kringom.no ligg det justerte rutetilbodet i området. Frå og med tysdag 1. august gjerast det nokre justeringar på rutene samanlikna med det som allereie er kunngjort. Det er i tillegg sett inn ein ekstra avgang Stryn-Utvik og Utvik-Stryn laurdag og sundag som startar allereie i helga.

Frå og med 1. august vil også rutesøk på kringom.no vere oppdatert, så då kan dei reisande nytte reiseplanleggaren for å finne si reise.

Du kan finne dei aktuelle trafikkmeldingane og rutene her.