Med eit sjølvlaga rebusløp som starta ved Knevelsrudhuset i Eidsgata, fekk alle deltakarane vist fram bilane sine til publikum.

Sjølve oppgåve i rebusløpet var som følger:

Knevelsrud var våpensmed frå ca. 1890 til 1920 på Exersisplassen. Alle stavar i stakittgjerdet er geværpiper frå Krag Jürgensen rifler. Desse vart skifta ut ved teikn på slitasje. Gjerdet omkrinsar heile eigedommen, og denne var ein del større enn i dag. På det meste var det over 3000 geværpiper i stakittgjerdet. Kor mange geværpiper er det i stakittgjerdet i dag?

Svaralternativ A = 480

Svaralternativ B = 1023

Svaralternativ C = 1482

I alt seks oppgåver er laga i Rebusløpet, og dei finn deltakarane langs Panoramavegen og til Stryn.

Sosialt og kjekt

Tor Audun Andreassen og Jeanette Solund kjem frå Sørum. Dei er med kvart år og seier det er ein måte å treffe gamle vener på. Han eig ein 1933 modell Oldsmobil.

– Det er kult å vere på treff, ein møter jo folk ein kjenner. Vi har jo møttest på treff i mange år. Og så er det jo kjekt å sjå nye stader. Kjekt med rebusløp, artig at dei lokale lagar litt liv. Og vi satsar sjølvsagt på å vinne. Så er det jo gøy å få vise fram bilane gjennom Eidsgata, seier Tor Audun.