Debattleiar tidlegare redaktør i Fjordabladet Tormod Flatebø lurer på om det likevel kan bli bru over Anda-Lote, sjølv om ein har bestemt at det skal byggast bru i indre. Og, om vegen mellom Byrkjelo og Sandane vil bli rusta opp.

Jobbast godt for bru

Lars-Svein Drabløs (Frp):

– Eg er glad for det vi har fått i gang på strekninga Byrkjelo-Nordfjordeid med 20 minuttsavgangar, som har vore nedprioritert frå dei raud-grøne i alle år.

Frida Melvær (H):

– Avgjerda om kvar E39 skal gå er bestemd. Men så ser vi at ein her i Eid og Nordfjord jobbar veldig aktivt ifht nye løysingar med konstruktiv innfallsvinkel. Ordninga med ferjeavløysingsmidlar er veldig god. Vi har i lag med våre stortingspolitikara sett på, det å bruke midlane som ein driftar ferje på, på ein meir fornuftig måte.

Sveinung Rotevatn (V):

– Eg meiner det er ei feil avgjerd som Høgre og Frp regjeringa tok, med Ap si støtte å legge brua i indre, og det er beklageleg. Eg meiner det er fullt muleg å bygge ei bru mellom Lote og Anda. Det at ein har ei såpass god ferjeavløysingsordning, og at ein satsar på ny bruteknologi som vil gjere det rimelegare å bygge bru, så kan det komme ei ny bru, men det må politisk vilje til.

Vibeke Johnsen (SV):

– Eg vil slå eit slag for ferja. Det er ei ferje som går hypping og heile døgnet, og det er ein kvil på vegen som er veldig bra. Vi går for midtre trase, og har vore tydeleg på bru som erstatning for ferja. Det skal byggast lokale bruer, og brukryssing som erstatning for Lote-Anda ferja kan vere eit godt lokalt brukryssingsprosjekt.

Stad skipstunnel

På eit spørsmål frå publikum om Stad skipstunnel vil konkurrere med bru Lote Anda svarer Sigurd Reksnes (Sp) følgande:

– Det kan lett bli oppfatta som om Stad skipstunnel konkurrerer med vegbygging andre stader i Sogn og Fjordane, men slik er det ikkje. Stad skipstunnel står på eigne bein, og er finansiert av Kystverket. Er ei nasjonal satsing som ikkje kjem i konflikt med andre samferdselsprosjekt i fylket, svarar han.

Elles vart også tema innan kommuneøkonomi og helse diskutert.