Sist haust flytta dei seks bøndene kyrne sine frå eigne litt utdaterte fjøs til den toppmoderne samdriftsfjøsen på Myklebust. Alle tre poengterer sterkt at utan samdrift hadde det vorte slutt på mjølkeproduksjon for deira del. Då hadde dei blitt hobbybønder på eit meir behageleg nivå tilpassa jobben.

Ferske samdriftsbønder

Det nye fjøset har berre vore i drift i vel fem månader, sidan 7. september i fjor. Før det dreiv dei for seg sjølve, og hadde kvar rundt 10 kyr på båsen. I samdrifta er det 30 mjølkekyr pluss kviger og kalvar. Planen er å auke til 40 mjølkekyr etter kvart.

Dei har ein kvote på 245 000 liter, noko dei ynskjer å auke til rundt 350 000 liter. Dei må då kjøpe seg ein større mjølkekvote, men akkurat no er prisen svært høg; 16 kroner per liter.

Kulivet er kort og hektisk

Kyrne får vanlegvis fyrste kalven etter 2 år, fortel bøndene. Kyrne blir skifta ut viss det oppstår helseproblem. I gjennomsnitt får kyrne 2–3 kalvar. Dei mjølkar 9,5 månader i året og går avsina i 2,5 månader. Sommarstida kan dei då gå ute på beite. Der er eit uteareal på 30 mål i direkte tilknyting til fjøsen.

Kyrne som mjølkar om sommaren er heime i fjøsen, medan ungdyr og avsina kyr er på setra.

Kalving heile året

Bøndene opplyser at det er ei målsetning å få kalvinga spreidd over heile året med 2–3 kalvingar i månaden. Det tek ei stund å få dette til ettersom dei fleste kyrne har vore haustbærer. Oksekalvane vert selde som livdyr etter åtte veker, medan kvigekalvane vert påsette.

Godt miljø i fjøsen

Jamt over er det ein temperatur på åtte grader i fjøsen. Det syter det avanserte ventilasjonsanlegget for. Ei gardin som går opp og ned regulerer lufttilførselen. På soldagar vil gardina vere heilt nede og dyra får sol inn i fjøsen.

– Årets fyrste sol gjorde dyra merkbart yre og livlege, fortel bøndene.

Elles tek robotar seg av mokinga og etter kvart skal fôringa skje automatisk. Mjølkerobot er og sjølvsagt på plass.

Stor investering

Det var eit betydeleg økonomisk løft dei seks bøndene tok på seg. Totalkostnaden kom på 10,5 millionar kroner. Innovasjon Norge bidrog med 2 millionar kroner. Resten var banklån og eigeninnsats. Dei fekk og ein del kommunal støtte.

Kvart av gardsbruka har lik eigarpart i samdrifta. Fjøsarbeidet er ulikt fordelt med 50 % på Brynjar, 30 % på Bjarte og 20 % på Lars Endre.

Nøgde samdriftsbønder

Alle seks har jobbar utanom mjølkeproduksjonen, så gardsdrifta er ikkje hovudinntektskjelda til nokon av ektepara. Dei seks bøndene kjende kvarandre godt frå tidlegare, og den personlege kjemien mellom dei stemmer perfekt.

Som bønder flest har dei og ein stor porsjon idealisme, og føler seg forplikta til å ta vare på tradisjonar og drive gardane vidare.

NYSGJERRIGE KALVAR: Dei skal snart bli kviger og om knappe to år mjølkekyr. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KULIV: Rusle rundt, kvile på gummimatter, gomle fôr og gå innom mjølkeroboten. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SAMDRIFTSFJØSEN: Totalkostnad 10,5 millionar kroner. Den ligg på Myklebust. Foto: Privat
IDYLLISKE MYKLEBUSTSETRA: Her nyt sinakyrne og ungdyra sommaren. Foto: FREQUENCY AS
SLAKTEOKSAR: Skal leverast 1. april. Legg på seg 1,5 kilo per dag og er no rundt 250 kilo. Foto: Per Ole Lefdalsnes