Innbyggjarane har mellom anna fått spørsmål som handlar om tillit, om ein kan stole på løfta frå politikarane, om politikarane misbrukar si makt til personleg fordel og om dei som har gode personlige forbindelser i kommunen, lettare får ivaretatt sine interesser. Innbyggjarane og dei folkevalde har også svart på spørsmål om kor nøgde ein er med administrasjonen, om informasjonen som ein får er god nok og om ein opplever å ha moglegheit til å påverke beslutningane. Dei har også svart på spørsmål om handlar om i kva grad kommunane evnar å fornye seg og om korleis ein tek seg av dei svake i samfunnet.

Mangel på kompetanse

Resultata syner at hovudtenddensen er at innbyggjarane i Eid gir ei til dels langt meir positiv vurdering på spørsmåla enn landsgjennomsnittet, medan det i Selje er motsett. Her gir innbyggjarane i hovudsak ei meir negativ vurdering enn landsgjennomsnittet.

Godt klima

– Gapet vert stort. Når ein skal byggje ein ny felles kommune gjev dette nokre betydelige utfordringar. Utgangspunktet er ulikt, kommenterte Victor Ebbesvik frå KS Vest då han torsdag i felles kommunestyremøte  presenterte resultata frå KS si demokratiundersøking.

Potensial for forbetring

Nye Stad kommune ser ut til å ha ein veg å gå når det gjeld innsatsen for dei mest sårbare i samfunnet. Det er også relativt mange i begge kommunar som meiner at dei som har gode forbindelsar i kommunen, lettare får ivareteke sine interesser. Dette gjeld også i landet generelt.

Resultata viser også eit potensial for forbetring når det gjeld informasjon til innbyggjarane om korleis kommunen sine inntekter vert brukte, særleg gjeld dette i Selje.

Størst skilnad mellom Eid og Selje er det i synet på om kommunen utviklar og fornyar seg heile tida i måten den løyser oppgåver på. I Eid er ein bra nøgd, medan innbyggjarane i Selje gjev inntrykk av å slett ikkje vere nøgde.

Gjer for lite for sårbare

Folkevalde mest positive

Både folkevalde og innbyggjarar har svart på dei same 14 spørsmåla, og resultatet er i tråd med den generelle trenden i landet som er at dei folkevalde er meir positive enn innbyggjarane. Eid-politikarane er ekstra høge på seg sjølve, det vil seie at skilnaden mellom det dei folkevalde svarar og det innbyggjarane svarar, er relativt stor. Det er meir misnøye i Selje, men samstundes er det tendens til eit litt større samsvar mellom svara frå dei folkevalde og innbyggjarane.

Vanleg å oppvurdere eigen innsats

Ryddig i Eid - misnøye i Selje

Vil ta tak i utfordringane

Åslaug Krogsæter meiner det er viktig å vite noko om korleis lokaldemokratiet blir oppfatta.

– Det er ikkje sikkert det er slik, men det er slik det opplevast av innbyggjarane. Ho poengterer at det ikkje er noko poeng at Eid er høg på seg sjølv og at Selje går ned i skyttargravene.

–  Poenget er kva ein kan ta tak i.

Stein Robert Osdal forsikrar om at ein vil ta tak i dei utfordringane som kjem fram i undersøkinga. Han vil ta det med vidare til partssamansett utval, og sjå på kva ein i fellesskap kan gjere for å betre forholda.

Resultatet er som venta

Frå Selje vert det også peika på at kommunen har vore i ROBEK i årevis. Innbyggjarar og folkevalde har hatt større forventningar enn det kommunen har hatt mogelegheit for å tilfredstille, og at det er all grunn til å tru at det går oppover.

Positivt syn

Er det godt