– Eg ønsker å få eit grunngjeve svar på statusen på fylkesveg 61. På Bryggja står det att ein 1300 meter flaskehals i området Brobakke. Etter det eg har forstått er vegen regulert, og lurer derfor på statusen på dette prosjektet, spurde Kristianne Nore.

Ordførar Gunnar Silden (V) Foto: Tormod Flatebø

1,3 kilometer attståande

– Statens vegvesen utarbeidde saman med Vågsøy kommune, reguleringsplan for FV. 61 Naveosen – Brubakken, der det vart viste til at fylkesveg 61 Møre og Romsdal grense -Maurstad er ein del av tidlegare riksveg 61 som gjekk frå kryss med E39 ved Solavågseidet i Sula kommune til Maurstad. Frå fylkesgrensa til Maurstad er det 5,5 kilometer. Strekninga har vore utbetra i fleire omgangar, slik at vegen frå grensa til Naveosen, frå Brubakken til Solibakke og frå Solibakke til Maurstad har god standard. Det står att ei strekning på om lag 1,3 kilometer mellom Naveosen og Brubakken med dårleg veg. Dette er den siste attståande flaskehalsen på strekninga mellom Åheim og Bryggja på fv. 61, sa ordførar Gunnar Silden (V) og viste til at Stad kommunestyre vedtok reguleringsplanen i møte 07. mai 2020, der vedtaket hadde følgande ordlyd: Med heimel i plan- og bygningsloven § 12–12 vert reguleringsplan for Fv 61 Naveosen –Brubakken med vedteken slik den ligg føre.

Framdrift?

– Ordførar har etterlyst framdrift med vegen, og har i brev 09. februar 2023 fått følgjande tilbakemelding frå Vestland Fylkeskommune: «Fv. 61 Naveosen – Brubakken i Stad kommune er ein av fleire moglege prosjekt som vil verte vurdert ved rullering av handlingsprogrammet til RTP i juni. Det er hard konkurranse mellom dei ulike prosjekta om å kome med, og både økonomi og kapasitet på byggherresida er avgjerande for å kunne bli prioritert, sa ordførar Gunnar Silden og viste elles til at det heilskaplege svaret frå Vestland Fylkeskommune er lagt ved (Link: Svar på førespurnad om tiltak på fv. 61 – Naveosen Brubakken – Stad kommune