– Det er ikkje noko rakettforsking eg held på med. Vi ser at cruisekaia i Olden har blitt ein gedigen suksess. No er det sprengt kapasitet der, og på tide med cruisekai nummer to i Nordfjord. Det er 25 år sidan min far Aslak Lakken Lefdal bygde cruisekai i Olden. Den gong meinte folk han var galen som ville sette i gang eit slikt prosjekt, seier John Olav Lefdal.

Enorme  ringverknader

Prislappen for seawalken og alt som føl med av utfylling, bussoppstillingsplassar, gjestehamn vil komme på kring 30 millionar kroner.

– No er vi endeleg i mål, og alt det skriftlege er på plass. No er det ikkje lenger noko som kan øydelegge det. Dei siste innspela er sendt inn, og eg har sagt ja til å vere hovudaksjonær, og Eid kommunen har sagt ja, seier ein oppglødd Lefdal.

No vil cruisekai nummer to komme i Nordfjord, og det meiner han er på høg tid.

– Kapasiteten i Olden er sprengt per i dag. Kvart år tek dei imot opp mot 90-100 cruiseskip, og over 150.000 passasjerar. No er det på tide med cruisekai nummer to. Cruisekai på Nordfjordeid vil ikkje berre vere positivt for Eid, men auke verdiskapinga i heile regionen. Det vil vere lett å spreie turistane rundt om i regionen. Ein vil få busslastar med turistar som vil reise til både Stad, Selje kloster, Bremanger, Geiranger med meir, seier Lefdal.

Det har lenge vore eit ønske frå reiarlaga at ein får på plass ein ny destinasjon, og allereie i mai kan ein kanskje vente seg at dei første turistskipa legg til kai på Nordfjordeid.

Samarbeid med Arthur Kordt

Arthur Kordt driv med turistutvikling, og er ein av dei største agentane for cruiseskip i Norge.

– Det hadde ikkje vore muleg å få til dette utan samarbeid med Arthur Kordt, han har vore ein sentral person i dette prosjektet, og eg hadde aldri investert utan at han var med som ein av aksjonærane, seier Lefdal.

Sewalken er ei flytande kaikonstruksjon, der ein fortøyer skipet først, og så fortøyer ein kaia til skipet etterpå.

– Dette er ein verdspatentert konstruksjon, som vi allereie har hatt over 500 anløp på, sa Kordt på ein konferanse i byrjinga av november i 2016.

Som å få ein flyplass

Ifølge Lefdal er det ingenting som vil skape meir turisme og verdiskaping her i regionen enn ei cruisekai. Han rår no lokale krefter til å samarbeide, legge all egoisme tilsides og sjå mulegheitene som ligg i dette.

– Reiseliv er verdas største næring, og dette blir noko av det største som har skjedd på Eid. Vi veit at der det ligg ein flyplass, der blir det også stor vekst, det kan vi sjå på flyplassane rundt oss. No har vi fått eit stort kjøpesenter, og bygger Sagastad, men dette blir endå større. Eit cruiseskip har mellom 4000 og 6000 passasjerar, halvparten av desse har førehandsbestilt turar til anten Geiranger, Selje, Hoven, Briksdalen, den andre halvdelen vil bli igjen på Nordfjordeid, og vere med til å fylle opp gatene i Eid, legg han til.

Vil ikkje bli overbefolking

Sesongen varer frå 1 mai og ut september og målet er å få omlag 100 båtar til Eid på sikt, spredd utover heile sesongen. Det vil ifølge Lefdal vere med på å lage mange nye arbeidsplassar på Eid, og i regionen rundt.

– Eg vil ikkje øydelegge Eid med masse turisme. Vi veit at trafikk avlar trafikk, og eg trur at det vil bli stor knoppskyting av dei som vil starte med eit eller anna i sentrum av Eid, kanskje ein souvernirbutikk, bespisning og anna type service. Vi snakkar om 4-5000 menneske kvar dag i 100 dagar. Dette vil få reiselivet til å blomstre, og det blir mykje meir liv i Eidsgata. Dette vil kunne skape nok grunnlag til at mange kan starte opp, og leve av det heile året

Optimistisk: Etter å ha fått alle aksjonærane til å skrive under ser det no svært lyst ut for at Nordfjordeid kan få besøk av mellom 10 og 20 cruiseskip allereie i sommar. John Olav Lefdal er svært postitiv. Foto: Arkivfoto