Det vart sett i gang leiteaksjon etter ein ung mann i 20-åra i Stryn sentrum, som var sist sett klokka 02.00 natt til søndag.

Politiet leitte etter mannen med bistand av frivillige frå Røde Kors og Norsk Redningshunder.

Vest politidistrikt opplyser no like før 09.30 søndag morgon om at mannen har kome til rette i god behald.